Overlege søkast til spennande fagmiljø på allmennpoliklinikk ved Bjørgvin DPS
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
Overlege søkast til spennande fagmiljø på allmennpoliklinikk ved Bjørgvin DPS
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
Stillingsbeskrivelse
Vi søker etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønsker å vere ein del av det gode og varierte behandlingstilbodet vi har ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes. Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Dette er ein stor og velfungerande poliklinikk, med eit godt arbeidsmiljø som i tillegg til eit av dei lengstlevande DBT-teama i Noreg har to allmennteam, eit stort Angst- og depresjonsteam, 4-dagars behandling for panikkliding og sosial angst, Team i eksponerande traumeterapi, Team for spiseforstyrringar, ROP-team, Familieteam, Søvnteam og Akutt ambulant team. Vi har og ei spennande gruppeavdeling med ulike samtalegrupper i tillegg til uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi har og saman med Knarvik allmennpoliklinikk dei seinare åra bygd opp eit velfungerande MBT-Team. Vi legg opp til stor grad av samarbeid på tvers av yrkesgrupper og har god erfaring med auka grad av oppgåvefordeling i pasientbehandlinga.
Du vil bli ein del av eit stort og solid fagmiljø på Bjørgvin, med ein stor andel svært erfarne og engasjerte høgskuleutdanna i tillegg til 12 andre overlegar, og meir enn 25 psykologspesialistar. Er du ein engasjert overlege som har lyst å jobbe i eit godt miljø, både fagleg og sosialt så vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
• Utgreing og behandling av tilviste pasientar innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
• Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
• Det er mogleg å kombinere stillinga mellom dei ulike spesialteama i poliklinikken og å drive gruppeterapi
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon
• Godkjend spesialist i psykiatri
• Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
• Har evne til å arbeide sjølvstendig
• Har gode samarbeidsevner
• Fagleg engasjert og nysgjerrig
• Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
• Er ein god teamarbeidar og trivast med tverrfagleg arbeid
Vi tilbyr
• Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte, dyktige og kjekke kollegaer
• Fagleg oppdatering/utvikling for å sikre spisskompetanse innan ulike delar av allmennfeltet
• eit nytenkjande og utviklande fagmiljø
• Lønn i henhald til gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Anneli Eimhjellen, Overlege/psykiater, +47 55957000, aertes@helse-bergen.no
Hallbjørg Hage, Psykologspesialist, 99271899, hallbjorg.hage@helse-bergen.no
Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55 95 71 10, fredrik.hiis.bergh@helse-bergen.no
Arbeidssted
Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4919380846
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Tertnes, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 måneder siden
Om bedriften
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
Andre stillinger innen samme område
Overlege
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Overlege
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Randstad AS avd Bergen
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF