Vil du verta lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget, ernæringskokkfaget eller helsearbeidarfaget - søk læreplass i Vik kommune!
NAVVik kommune Oppvekst
📍 Vik i Sogn, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Vik kommune har ledig fleire stillingar som lærlingar i ulike fag. Frå hausten vil me ta inn lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, ernæringskokkfaget og helsearbeidarfaget. Vik kommune er oppteken av å vera ein god lærebedrift, og vil lage eit godt opplegg for mottak av lærlingar og gjennomføring av læretida i vår verksemd. Vil du vera med på eit viktig samfunnsoppdrag så søk gjerne ein av dei ledige læreplassane våre innan desse faga.
Om arbeidsstaden Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Som lærling i dette faget vil du få vera i barnehagane og skulane våre samt SFO. Arbeidstid er dagtid.
Ernæringskokkfaget
Du vil få vera lærling på eit heilt nytt og moderne institusjonskjøkken på Vik helse og omsorgssenter der me lagar mat både til bebuarar på institusjon og til heimebuande. Arbeidstid er dagtid.
Helsearbeidarfaget
Her vil du få høve til å bli kjent med helsearbeidarfaget ved å vera på fleire ulike avdelingar medan du er hjå oss. Både sjukeheim, heimesjukepleie, teneste til menneske med nedsett funksjonsevne, 8 veker hospitering på sjukehus og kortare hospiteringsbesøk i psykiatri/bu- og miljøtenesta dersom dette er ynskjeleg. Arbeidstid er turnus.
Me tilbyr• Oppfølging av rettleiar og fagansvarleg for lærlingar
• Gode og utfordrande læresituasjonar
• Oppfølging gjennom læretida, samt faglege og sosiale samlingar i regi av Sogn opplæringskontor
• Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
• Som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil du få starte opplæringstida di i barnehage, og deretter på skule. Du får vera aktivt med i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar som skapar tryggleik og meistring for barn og unge. Du lærer å støtte utvikling og inkludering gjennom praktisk arbeid i både planlagte og spontane situasjonar. Du får ansvar som veks med deg, og vil oppleve gleda av å gjera ein ekte forskjell i barn og unge sin kvardag.
• Som lærling i ernæringskokkfaget vil du få delta i dagleg produksjon og planlegging på eit heilt nytt institusjonskjøkken med kjøl og frys. Du vil få lære om ernæring og menylære for å skape sunne og varierte måltid ut frå behov til bebuarar og brukarar, samt kunnskap om diettar og spesialkost slik at du kan tilpassa mat til ulike behov. Du får høve til å utforske ulike tema innan faget, bransjestandard, logistikk, miljø og berekraft.
• Som lærling i helsearbeidarfaget vil du ha din eigen rettleiar på den avdelinga du til ein kvar tid jobbar. Du vil få jobbe sjølvstendig med pleie, pasientretta oppgåver og observasjonar, men alltid ha nokon å spørje. Du vil vera ein del av eit tverrfagleg team som samarbeider om god behandling og gode dagar for våre bebuarar/brukarar.
Sjå gjerne her for meir informasjon om dei ulike læreplassane våre: Ledige stillingar - Vik kommune søkjer nye medarbeidarar - Vik kommune
Krav til kompetanse• Fullført VG1
• VG2 må vera fullført før oppstart i læretida
• God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
• Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
• Ein fordel med førarkort for arbeid i heimetenestene, men ingen krav som lærling
• Det er ein fordel med gode ordenskarakterar og lite fråvær
Personlege eigenskapar
• Du er lærevillig og har evne til å anvende ny kunnskap
• Du liker å samarbeide
• Du er nysgjerrig, initiativrik og er engasjert i faget ditt
• Du må være pliktoppfyllende, og vise engasjement for eiga opplæring og utvikling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Det å vera lærling inneber både ein opplæringsdel og ein verdiskapingsdel. Dess lengre ut i læretida ein kjem dess større er forventningane til sjølvstendig arbeid. Vårt mål er at du skal utvikla deg til ein trygg fagperson og ein god kollega og arbeidstakar.
Andre opplysningarVik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
SøknadsprosedyreAlle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring vert lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Vik i Sogn, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
V
Vik kommune Oppvekst
Andre stillinger innen samme område
Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2
Vik i Sogn, Vestland
Heltid
Posten Bring AS
Vik i Sogn, Vestland
Heltid