Vil du arbeide med norsk møbeldesign og møbelindustri -- ei av Noregs viktigaste designnæringar?
NAVStiftinga Viti
📍 Ålesund, Møre og Romsdal
📂 Kultur og kreative yrker
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Vår førstekonservator ved Møbelmuseet skal gå av med pensjon, og Viti søkjer no etter ein fagleg sterk og engasjert seniorkurator/kurator som skal ta over arbeidet med kunnskapsutvikling, formidling og samlingsutvikling knytt til fagfeltet.
Stillinga som seniorkurator/kurator er plassert i avdeling for kunst og design i Viti, og har sitt faglege tyngdepunkt ved Møbelmuseet i Sykkylven. Der får du ei sentral rolle i å forvalte og utvikle museet sitt arbeid med møbeldesign og -industrihistorie. Samtidig vil du vere del av eit større fagmiljø i Viti og kunne bidra i prosjekt på tvers av musea i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
• Ha det faglege ansvaret for møbelsamlinga til Viti, med eit særleg ansvar for møbeldesign og -industrihistorie ved Møbelmuseet
• Kuratering og prosjektleiing av utstillingar innan fagfeltet
• Formidling til eit breitt publikum
• Forsking, kunnskapsproduksjon og tilgjengeleggjering av denne
• Vere involvert i museet si utstillingsprogrammering og samlingsutvikling, inkludert vurdering av inntak, avhending og forvaltning av gjenstandar og arkivmateriale knytt til fagfeltet
• Koordinere drifta av Møbelmuseet sine lokale, og bemanne resepsjonen til Møbelmuseet/Naturmuseet etter fastlagt turnus, og i samband med arrangement.
• Vere museet sin faglege kontaktperson på møbel-, design- og industrihistorie
• Bidra til opplæring av formidlarar og museumsvertar ved Møbelmuseet
• Administrative oppgåver som prosjekt- og budsjettstyring, søknadsskriving, evalueringsarbeid, rapportering og dokumentasjon
• Levere fagleg innhald til digital redaksjon og marknadsarbeid
• Nettverksbygging innanfor fagområdet
• Fungere som kontaktperson for Møbelmuseet sitt venelag og andre frivillige
Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan kunst- og designhistorie, design, historie eller tilsvarande
• Dokumentert kunnskap om møbelhistorie, design- eller industrihistorie
• Erfaring frå museumsarbeid, kuratering, samlingsforvaltning, formidling eller forsking er ein fordel.
• Erfaring med prosjektleiing og budsjettarbeid
• God digital kompetanse, gjerne erfaring med Primus
• Du arbeider strukturert og sjølvstendig, har gode samarbeidsevne og ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø.
• Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne
• Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
• Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv
• Fagleg dedikerte kollegaer
• Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
• 100 % fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. spisepause.
• God offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse - KLP
• Fleksitid, med kjernetid mellom kl. 1000-1400
• Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan
Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Kontorstad er ved Møbelmuseet i Sykkylven, med møteverksemd og anna ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum etter avtale.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kultur og kreative yrker
- Sted
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
S
Stiftinga Viti
Andre stillinger innen samme område
Brødrene Dahl
Ålesund, Møre og Romsdal
Heltid
Zegeba AS
Ålesund, Møre og Romsdal
Heltid