Barnevernkonsulent - 100% vikariat
NAVAustevoll kommune
📍 Storebø, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 4 dager siden
Barnevernkonsulent - 100% vikariat
NAVAustevoll kommune
📍 Storebø, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 4 dager siden
Stillingsbeskrivelse
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å legge til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Barneverntenesta har ledig vikariat som barnevernkonsulent. Barneverntenesta består i dag av fire tilsette, inkludert leiar. Vi held til i lyse og trivelige lokale på Storebø.
Om stillinga
Austevoll kommune har ei lita barnevernteneste, men vi har store visjonar og vi treng deg med på laget!
I Austevoll barnevernteneste jobbar vi saman som eit team. Hos oss får du moglegheit til å vere viktig i nokon sitt liv og bidra til å beskytte barn og unge i samfunnet. Vi har stort fokus på kvalitet i alle avgjerder vi tar. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Vi er ein del av «laget til barnet».
Grunna foreldrepermisjon, har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling med oppstart snarast og varigheit til 01.08.27, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting.
Ansvars- og arbeidsoppgåver Som barnevernskonsulent har du ansvar for å undersøke at barn og unge har det godt der dei bur, og bidra til at familiar får den hjelpa dei treng. Dette kan mellom anna innebere:
• Saksbehandling etter barnevernslova
• Arbeid med undersøkingar og tiltak i og utanfor heimen, fosterheim og institusjon
• Utgreiing av barn sin omsorgssituasjon, saksframstilling og vere kommunen sin part i sakar som vert fremma for Barneverns- og helsenemnda
• Samtalar med barn, unge og deira føresette
• Tiltaksarbeid direkte mot barn eller familier
• Godkjenning og rettleiing av besøksheimar og fritidskontaktar
• Førebyggande barnevernsarbeid saman med andre tenester
• Delta i utviklingsarbeid på fagområde
• Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast i stillinga. Dette kan også gjelde reise med fly til andre deler av landet.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav• Stillinga krev fortrinnsvis bestått bachelorgrad i sosialt arbeid, sosionom eller barnevernspedagog
• Søkarar med anna relevant høgskuleutdanning på bachelornivå kan vurderast dersom du har master i barnevern, kan vise til minimum 2 års erfaring frå kommunal barnevernteneste, eller har allsidig erfaring frå arbeid med barn og foreldre som er relevant for arbeid i barneverntenesta
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Krav om å framvise politiattest
• Førarkort for bil
Ønsker• Relevant vidareutdanning er ein fordel
• COS, EFT, Marte Meo eller anna rettleiingskompetanse
• Erfaring frå kommunal barnevernteneste vil bli vektlagt
• Evne til systematisk og effektivt arbeid blir vektlagt
• Evne og vilje til fleksibilitet
• Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar• Har evne til å møte barn og deira føresette med openheit, audmjukskap og respekt
• Har gode samarbeidsevner
• Har god arbeidskapasitet og tåler å arbeide under press med korte tidsfristar
• Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
• Har god evne til fagleg refleksjon, til å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
• Det er ein føresetnad at du har forståing for barn sin medverknad og dokumentasjonskravet som ligg i stillinga
Vi tilbyr
• Å få jobbe i ei barnevernteneste som er involvert i fleire spennande utviklingsprosjekt
• Fagleg utvikling i eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
• Ein variert arbeidskvardag med spanande og utfordrande oppgåver
• Fleksibel arbeidstid
• Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
• Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
• Gode velferdsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Storebø, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 dager siden
Om bedriften
A
Austevoll kommune
Andre stillinger innen samme område
Leider AS
Storebø, Vestland
Heltid
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Storebø, Vestland
Heltid
PlussCare AS
Skei i Jølster, Vestland
Heltid