ID 2370 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande
NAVStord kommune
📍 Stord, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 6 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Me er ei eining i utvikling, og me jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering og ansvar og oppgåvedeling. Me har samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar og Mestringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum.
Me har ledig 7 faste 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i Sjukepleiar og Mestringsteamet vårt
Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:
• Langvaktsturnus med langvakter kvar 4 helg i årsturnus.
• Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
• Tett samarbeid med dyktige kollegaer
• Moglegheit til å påverke eigen turnus
• God opplæring og ein fadder som følgjer deg opp
• Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag -- der du gjer ein forskjell!
Me har eit klart mål:
At innbyggjarane våre skal bu trygt og godt heime, og vera mest mogleg sjølvstendige i eige liv. Me er også i gang med å etablere vår eigen sjukepleieklinikk, der brukarar kjem til oss for tenester som sårstell, injeksjonar og ernæringsoppfølging.
Arbeidsoppgåver:
• Yte pleie og omsorg etter vedtak
• Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar
• Samhandle med pårørande, legar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
• Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar
Kvalifikasjonskrav:
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Språkprøve B2 for søkjarar utanfor Skandinavia
• Førarkort klasse B
• Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) ved oppstart
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me ser etter deg som:
• Har høg arbeidskapasitet og er strukturert og påliteleg
• Brenn for kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling
• Kommuniserer godt med både kollegaer, brukarar og pårørande
• Har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske
• Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får bruke kompetansen din til det fulle -- og vera med på å utvikle framtidas heimebaserte tenester.
Me tilbyr:
• Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen
• Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
• IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste
• Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar
• Offentleg tenestepensjon
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester?
Send oss ein søknad -- me gler oss til å høyre frå deg!
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Stord, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 6 dager siden
Om bedriften
S
Stord kommune
Andre stillinger innen samme område
Wärtsilä Norway AS
Stord, Vestland
Heltid