Me søker strukturert og allsidig teknisk koordinator
NAVTombre-gruppa
📍 Eikelandsosen, Vestland
📂 Bygg og anlegg
📅 Publisert 2 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer ein strukturert og løysingsorientert teknisk koordinator som vil få ei sentral rolle i den tekniske oppfølginga av konsernet sine lokalitetar, utstyr og båtar. Stillinga vil ha ein variert arbeidskvardag som kombinerer både administrative oppgåver og praktisk oppfølging ute i felt.
Stillinga vil bidra til å sikre stabil teknisk drift, koordinering av vedlikehaldsarbeid og etterleving av tekniske myndigheitskrav på tvers av organisasjonen. Rolla inneber tett samarbeid med produksjon, leverandørar og tekniske fagmiljø, og krev god forståing for korleis tekniske aktivitetar blir planlagde og gjennomførte i samspel med den daglege produksjonen.
Du vil òg bidra i utviklinga av selskapet sine teknologiske løysingar og vere ein viktig ressurs i innkjøpsprosessar og oppfølging av tekniske leverandørar.
Kva vil du jobbe med?
• Koordinere tekniske aktivitetar knytte til drift, vedlikehald og oppgraderingar av anlegg, båtar og utstyr
• Halde systematisk oversikt over selskapet sitt tekniske utstyr og installasjonar
• Følgje opp sertifisering av anlegg, dokumentasjon og etterleving av myndigheitskrav
• Planleggje og følgje opp vedlikehald av båtar og anna maritimt utstyr, inkludert slipp og større servicearbeid
• Gjennomføre kontrollar av teknisk utstyr og installasjonar ute på anlegga
• Bidra i koordinering og utføring av teknisk opprigg og nedrigg av lokalitetar
• Følgje opp avvik, vedlikehaldsrutinar og forbetringstiltak i organisasjonen
• Delta i evaluering og implementering av ny teknologi og tekniske løysingar
• Bidra i innkjøpsprosessar og anskaffingar av teknisk utstyr og tenester
• Opplæring av tilsette og teknisk samarbeid med kollegaer på merdkanten
• Følgje opp leverandørar, serviceavtalar og avtaleverk knytt til tekniske leveransar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har god teknisk forståing og evne til å kombinere strukturert planlegging og dokumentasjon med praktisk oppfølging. Du er sjølvstendig og løysingsorientert. Rolla vil arbeide tett med våre dyktige tilsette både på sjø og land.
Ønska kvalifikasjonar:
• Relevant teknisk utdanning (fagbrev, teknisk fagskule eller høgare utdanning) -- relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
• Erfaring frå havbruk eller maritim verksemd er ein fordel
• Erfaring med teknisk koordinering, vedlikehald eller prosjektoppfølging
• Kjennskap til myndigheitskrav i havbruksnæringa er ein fordel (t.d. NYTEK og IK-Akva)
• God digital kompetanse
• Du må kunne formulere deg godt munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar:
• Strukturert og systematisk
• Løysingsorientert og praktisk anlagt
• Gode samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar og følgje opp oppgåver over tid
Vi kan tilby:
• Ei interessant og utfordrande stilling i ei næring og eit selskap i vekst
• Varierte arbeidsoppgåver som gir moglegheit for fagleg og personleg utvikling
• Konkurransedyktige vilkår og god pensjonsordning
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Eikelandsosen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
T
Tombre-gruppa
Andre stillinger innen samme område
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Eikelandsosen, Vestland
Heltid
Kjøkkenassistent
NAVBjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Eikelandsosen, Vestland
Heltid
Bjørnafjorden kommune Jettegryto barnehage
Eikelandsosen, Vestland
Heltid