Sjåfør
NAVNORSK GJENVINNING AS AVD STRYN
📍 Stryn, Vestland
📂 Transport og lager
📅 Publisert 4 timer siden
Sjåfør
NAVNORSK GJENVINNING AS AVD STRYN
📍 Stryn, Vestland
📂 Transport og lager
📅 Publisert 4 timer siden
Stillingsbeskrivelse
Er du vår nye vikarsjåfør i Stryn?Til Norsk Gjenvinning si avdeling i Stryn søkjer vi etter sjåfør i 100 % stilling frå snarast til 18.09.26. Det kan også vere moglegheit for vidare arbeid etter denne perioden, men dette vil bli avklart på eit seinare tidspunkt. Du vil få ein givande og variert arbeidsdag som sjåfør hos oss. Du vil køyre skåpbil og komprimatorbil. Stillinga rapporterer til driftsleiar (evt. køyreleiar).
Høyrest dette ut som draumejobben din? Då gler vi oss til å ta imot søknaden din!
Arbeidsoppgåver:• Utføre køyreoppdrag hovudsakleg for våre næringskundar i Nordfjord og Søre Sunnmøre, og sjå til at oppdraga skjer i samsvar med avtalt tid og leveranse
• Vedlikehald og reinhald av eigen bil og tilhøyrande utstyr
• Registrere avvik når dette blir oppdaga
• Ansvar for å sikre og transportere last i samsvar med vegtrafikklova og NG sine interne instruksar
Kompetanse:• Førarkort klasse C
• YSK
• Gjerne truckførarbevis
• Erfaring som sjåfør er ein fordel
• Må kunne kommunisere på norsk og gjerne engelsk
Personlege eigenskapar:• Du har gode HMS-halddningar
• Du evnar å ta ansvar og jobbe sjølvstendig
• Du er sjølvsagt punktleg, nøyaktig og ryddig
• Du er i god fysisk form og toler ein aktiv arbeidsdag
• Kundevennleg og kundeorientert er ein føresetnad
Vi tilbyr:• God opplæring og utviklingsmoglegheiter
• Ordna arbeidsforhold og konkurransedyktige vilkår
• Eit aktivt og godt arbeidsmiljø
• Spanande og varierte oppgåver i ein framtidsretta bransje
Vi behandlar søknader fortløpande.
Oppstart etter avtale, så snart som mogleg.
Kontaktperson
Per Ole Tenden
Distriktssjef
911 22 106
per.ole.tenden@ngn.no

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Transport og lager
- Sted
- Stryn, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 timer siden
Om bedriften
N
NORSK GJENVINNING AS AVD STRYN
Andre stillinger innen samme område
Hagen AS
Stryn, Vestland
Heltid
Norsk Gjenvinning As
Stryn, Vestland
Heltid