Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune?
NAVVågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
📍 Innlandet
📂 Salg og service
📅 Publisert 1 time siden

Stillingsbeskrivelse
Vil du leie og vidareutvikle miljøterapitenesta i Vågå kommune?
I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling.
Eitt team -- to avdelingsleiarar og tenesteleiar.
Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling.
Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.
Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov -- og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar.
Om Miljøterapitenesta
Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen.
Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver:
· Drift, personalansvar og økonomioppfølging.
· Fagleg leiing og rettleiing.
· Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar.
· Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo).
· Kvalitetssikring og rapportering.
· Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga.
· Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid.
· Møteverksemd og leiing av personalmøte.
· Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde.
· Lede og utvikle tenesta.
Vi ser etter deg som har:
· bachelor innan helse- og sosialfag -- t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad
Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje.
· erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein fordel
· erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ein fordel.
· gode digitale ferdigheiter.
· kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
· god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.
Som person er du:
· Engasjert og initiativrik
· Tydeleg og innehar ein trygg leiarstil med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit
· God på samarbeid
· Fleksibel og løysingsorientert
· Strukturert og har gjennomføringsevne
· Reflektert og fagleg dyktig med fokus på kvalitet
Personlegeeigenskapar blir tillagt avgjerande vekt.
Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.
Vi tilbyr deg:
· Ei meiningsfull leiarstilling i eit viktig fagfelt.
· Moglegheit for å forme og påverke ei teneste i utvikling.
· Tett samarbeid i eit leiingsteam.
· Kompetente og engasjerte kollegaer.
· Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.
· Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25.
Slik søkjer du:
Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema . Vedlegg som vitnemål og attestar til søknaden sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Referansar vil bli innhenta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Innlandet
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 time siden
Om bedriften
V
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Andre stillinger innen samme område
Sameiene Riddertunet, Riddergaarden, Knutsstøl
Beitostølen, Innlandet
Heltid
VISIT JOTUNHEIMEN AS
Lom, Innlandet
Heltid