Kjøkkenassistent - 74,18 % fast stilling - turnusarbeid
NAVStiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
📍 Flekke, Vestland
📂 Reiseliv og mat
📅 Publisert 1 dag siden

Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig fast stilling som kjøkkenassistent for turnusarbeid i ein spennande internasjonal organisasjon. Arbeidstida vil variere, og du vil arbeide i eit skiftmønster som inkluderer noko kvelds- og helgearbeid.
Vi søkjer deg som er nøyaktig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer. Stillinga passar for deg som er fleksibel, som likar å jobbe i lag med andre og som er oppteken av å yte service.
Arbeidsoppgåvene inneber hovudsakleg å hjelpe kokkane våre med å førebu produksjon av mat, samt servere og vaske og rydde opp i samband med dei faste måltida ved skulen. Per i dag er det 10 tilsette som arbeider i heil- eller deltidsstillingar ved kjøkkenet.
UWC Røde Kors Nordisk er eit unikt miljø og på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane si velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett i lag. Dette kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande.
Arbeidsområde
Som kjøkkenassistent vil du hovudsakleg arbeide med å førebu måltid (pålegg, frukt, salat m.m.), samt vaske og rydde i samband med dei tre daglege og faste måltida. Vi har eigne kokkar som lagar dei varme måltida.
Teamleiar og Operational Service Manager (OSM) er dine næraste leiarar.
Du vil inngå i ein turnusplan som inneber arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
Arbeidsoppgåver
• Utføre daglege oppgåver knytt mot servering av frukost, lunsj og middag
• Ta i mot mat- og daglegvarer
• Oppvask, og vask av bord og golvareal i kantina
Kvalifikasjonar
• Det er ynskjeleg med erfaring innan kjøkken-/kantinedrift eller matservering, men dette er ikkje eit krav
• Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
• Norsk er arbeidsspråk i kvardagen, men sidan vi er ein internasjonal skule må ein også kunne kommunisere på engelsk
Personlege eigenskapar
• Interesse for mat
• Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
• Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
• Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn i tråd med UWC sine verdiar og misjon
Kva kan vi tilby?
• Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
• Løn etter KS tariff
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
• Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
Dersom dette er arbeidsoppgåver og ei stilling som kan passe for deg, ber vi om at du brukar søknadsfunksjonen på denne sida eller at du sender ein enkel søknad og CV til appointments@uwcrcn.no.
Søknadsfrist er 09.11.2025, med tilsetjing snarast.
UWC RCN held på retten til å tilsette eigna kandidatar før søknadsfristen er ute.
For spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med OSM (Operational Service Manager)Ainor Naustdal på tlf. 917 09 715, eller ainor.naustdal@uwcrcn.no
Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Reiseliv og mat
- Sted
- Flekke, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
S
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Andre stillinger innen samme område
UWC Røde Kors Nordisk
Flekke, Vestland
Heltid
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Flekke, Vestland
Heltid
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Flekke, Vestland
Heltid
Helsefagarbeider
NAVSiljuslåtten sykehjem, Stiftelsen Diakonova Haraldsplass
Rådal, Vestland
Heltid