Sommarvikar nattevaktstilling
NAVMiljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Sommarvikar nattevaktstilling
NAVMiljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Stillingsbeskrivelse
Miljøarbeidartenesta gir tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, utviklingsforstyrringar og psykiske lidingar. Vi jobbar for at brukarane skal få leve gode og sjølvstendige liv, tilpassa eigne behov og ønskje. Som tilsett hjå oss på natt skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil arbeide brukarnært, følge observasjonar og tiltak saman med tre andre kollegaer på natt.
Har du spørsmål til stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidararar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert.
Arbeidsoppgåvene er varierte og består mellom anna av:
• Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov
• Utføre oppgåver innan miljøarbeid, pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
• Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
• 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning, studentar under relevant utdanning, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar/assistent med erfaring frå brukargruppa.
• Du må kunne ta ansvar, jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli veklagt i stor grad.
Vi tilbyr
• Fagdagar for alle ferievikarar før oppstart
• Elektroniske kurs som sikrar den grunleggande kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine
• Opplæring og oppfølging på arbeidsstaden
• Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar
• Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
• Som ferievikar vil du få kr 6.000 i bonus dersom du arbeider seks veker samanhengande i perioden veke 26 - 33.
• Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
#sommarjobb #sommarjobbivestKontaktinformasjon
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5126656236
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 18.05.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.06.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Sandane, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Andre stillinger innen samme område
ISS Facility Services
Nordfjord Folkehøgskule Sa
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Veidekke Entreprenør AS