Fagansvarleg kapital- og balansestyring
NAVSpareBank 1 Sogn og Fjordane
📍 Førde, Vestland
📂 IT
📅 Publisert 3 uker siden
Fagansvarleg kapital- og balansestyring
NAVSpareBank 1 Sogn og Fjordane
📍 Førde, Vestland
📂 IT
📅 Publisert 3 uker siden
Stillingsbeskrivelse
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til korleis banken styrer kapital, likviditet og vekst?
I SpareBank 1 Sogn og Fjordane jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar, utvikle sterke lokalsamfunn og ta gode val for framtida. For å få til det treng vi flinke fagfolk som gir banken kontroll, innsikt og retning.
No styrkar vi arbeidet med balanse- og kapitalstyring, og søkjer ein analytisk og forretningsorientert fagansvarleg til ei viktig rolle i banken. Her får du arbeide tett på leiinga og vere ein sentral bidragsytar i banken sitt arbeid med kapital, likviditet og balanse.
Du blir ein del av avdelinga Økonomi og innsikt, eit fagmiljø med 14 medarbeidarar innan finans, økonomi, analyse, teknologi og styring. Avdelinga skal sikre god styring, kontroll og eit påliteleg beslutningsgrunnlag for heile banken.
I denne rolla vil du jobbe med:
Analyse og styring
• analysere utvikling i kapital, likviditet og balanse
• utarbeide kapitalprognosar og vurdere kapitalbruk
• bidra til å forstå samanhengen mellom vekst, risiko og lønsemd
Beslutningsstøtte
• førebu og vidareutvikle rapportering til likviditets- og balansekomiteen og leiinga
• identifisere risiko og viktige utviklingstrekk
• utarbeide konkrete forslag til tiltak og prioriteringar
Regulatorisk rapportering
• bidra i utarbeiding og kvalitetssikring av kapitaldekningsrapportering
• delta i anna ekstern rapportering
• sikre konsistens mellom intern styring og ekstern rapportering
Vidareutvikling
• utvikle betre analysar, modellar og styringsinformasjon
• bidra til meir framoverskuande og beslutningsrelevant rapportering
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som kombinerer analytisk styrke med god forretningsforståing, og som trivst med å arbeide tett på viktige beslutningar i banken.
Du har høgare utdanning på masternivå innan økonomi, finans eller tilsvarande, og gjerne nokre års relevant erfaring frå bank, analyse, controlling, risiko eller finans.
For å lykkast i rolla må du trivast med å arbeide strukturert og sjølvstendig, ta eigarskap til oppgåvene dine og følgje opp detaljar heilt fram til leveranse. Du må vere oppteken av kvalitet, evne å sjå samanhengar og like å setje deg inn i komplekse problemstillingar.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- IT
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
S
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Andre stillinger innen samme område
Dedicare Barnevern & miljøterapi
Førde, Vestland
Heltid
Nav Arbeid og Ytelser Romerike, avdeling Førde
Førde, Vestland
Heltid