Vil du ta del i forme framtidas havbruk?
NAVEide Fjordbruk
📍 Eikelandsosen, Vestland
📂 Industri og produksjon
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Eide Family er eit familieeigd havbrukskonsern på Vestlandet med lange tradisjonar og høge ambisjonar for framtida. Vi byggjer eit miljø der biologi, teknologi og marknad sit saman- med Salmon Eye som arena og symbol. Watermoon er flaggskipet vårt, og vi inviterer deg med på å forme korleis havbruk skal sjå ut for komande generasjonar.
Eide etablerer eit nytt Biologi- og EBIT-senter med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som operatør er du det operative leddet som omset biologi til EBIT -- der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga startar med tett kontroll på appetitt og fôring, men utviklar seg over tid mot meir analyse, forbetring og fagleg påverknad.
Eksempel på arbeidsoppgaver:
• Dagleg fôring og appetittkontroll -- du har hovudansvaret og justerer i sanntid etter appetitt, åtferd og kamera.
• Forvaltning av fisken -- vekst, kondisjon og biomasse mot rett storleik til rett tid, med fiskehelse og slakteplan i same bilete.
• Plan, analyse og EBIT -- du oppdaterer fôrings- og forvaltningsplan løpande og leverer talgrunnlag til sals- og produksjonsplanlegging.
• Utvikling og effektivisering -- du forbetrar fôringspraksis for betre FCR, dokumenterer resultat og spelar inn beste praksis til Kjernen.
• Samhandling med driftsteama -- du støttar lokalitetane i den daglege drifta og sikrar god informasjonsflyt mellom lokalitet, senter og Kjerne.
Kven er du?
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd.Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Samarbeidande.Vi byggjer saman, deler kunnskap og løftar kvarandre.
Nytenkjande.Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Bevisst.Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. --- det er kompasset vårt.
Vi ser etter deg som har:
• Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur -- erfaring kan kompensere for formell utdanning.
• Erfaring frå havbruk, fôring eller produksjonsarbeid er ein fordel.
• Kjennskap til fôringssystem, kameraovervaking og digitale driftsverktøy.
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Kvifor bli ein del av teamet?
Vi tør å satse- både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman.
Den som intet våger, intet vinner. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme korleis Watermoon skal driftast i kommersiell skala.
Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar- ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss.
Søknadsinformasjon
Vi ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via søknadsportalen.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Ida Sørheim / 918 14 068 /ida.sorheim@efb.no

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Industri og produksjon
- Sted
- Eikelandsosen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
E
Eide Fjordbruk
Andre stillinger innen samme område
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Eikelandsosen, Vestland
Heltid

Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
Eikelandsosen, Vestland
Heltid
Medvind Assistanse
Kleppestø, Vestland
Heltid