Deltidsstilling med arbeid ei helg i månaden
NAVLærdal kommune Sogn LMS
📍 Lærdal, Vestland
📂 Sikkerhet og beredskap
📅 Publisert 2 måneder siden
Deltidsstilling med arbeid ei helg i månaden
NAVLærdal kommune Sogn LMS
📍 Lærdal, Vestland
📂 Sikkerhet og beredskap
📅 Publisert 2 måneder siden
Stillingsbeskrivelse
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har no ledig ei 23,5 % fast stilling som sjukepleiar/paramedic i rein helgestilling. Arbeidstida består av langvakter på 12 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Dette inneber at du får ein relativt høg stillingsprosent, sjølv om du jobbar berre èi helg i månaden. Stillinga eignar seg godt som supplerande inntekt til anna jobb, eller i kombinasjon med studiar.Sogn LMS har ansvar for legevaktsformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal). Me er òg legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Me ser etter deg som• har norsk autorisasjon som sjukepleiar/paramedic
• har kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar på legevaktssentral (tilbod om kurs ved tilsetjing om du ikkje har dette frå før)
• har gode norskkunnskapar og evne til å formidla godt
• har gode IKT-kunnskapar
• har dei rette personlege eigenskapane som trengs for stillinga
Me ser etter deg som• har norsk autorisasjon som sjukepleiar/paramedic
• har kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar på legevaktssentral (tilbod om kurs ved tilsetjing om du ikkje har dette frå før)
• har gode norskkunnskapar og evne til å formidla godt
• har gode IKT-kunnskapar
• har dei rette personlege eigenskapane som trengs for stillinga
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Sikkerhet og beredskap
- Sted
- Lærdal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 måneder siden
Om bedriften
L
Lærdal kommune Sogn LMS
Andre stillinger innen samme område
Kirurgisk og medisinsk post Odda - Odda Sjukehus
Odda, Vestland
Heltid
Kjenndalslia Kanvas-barnehage
Nesttun, Vestland
Heltid