Eit lærerikt vikariat innan HR, løn og personell
NAVLøn og personell, Helse Førde
📍 Førde, Vestland
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 3 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Er du klar for nye utfordringar i ein spennande HR-kvardag?Vi i Helse Førde ser etter ein engasjert og lærevillig kollega til eit vikariat som konsulent i HR - løn og personell i perioden 15.08.2026- 31.12.2027.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit fagmiljø som er både utviklande og meiningsfullt – midt i hjartet av helsevesenet!
Om stillinga
Løn og personell er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga i Helse Førde, og består i dag av 11 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med dei andre seksjonane i HR, samt med dei andre føretaka i Helse Vest.
Vår hovudoppgåve er å sørge for at alle tilsette i Helse Førde får rett lønn til rett tid. I tillegg har vi systemansvar og brukarstøtte for m.a EveryOne (kontraktshandtering) og Webcruiter (rekruttering).
Arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar på tvers av avdelingar og klinikkar. Vi held opplæring i ulike HR-system og gir støtte i løns- og personalspørsmål.
Er du nyutdanna innan økonomi eller personal?
Då vil vi gjerne høyre frå deg! Du vil få grundig opplæring og god støtte frå første dag.
Velkommen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
• Brukarstøtte og opplæring av leiarar i personalarbeid
• Registrere, kontrollere og kvalitetssikre lønns- og personaldata
• Vere kontaktperson for eigne avdelingar og yte støtte og rettleiing ved behov
• Følgje opp lønns- og personalrelaterte spørsmål frå leiarar og tilsette i Helse Førde
• Brukarstøtte tilsette i Helse Førde
Kvalifikasjonar
• Ønskjeleg med utdanning innan økonomi eller personal. Erfaring kan kompensere for formalkompetanse
• Gode IKT-kunnskaper
• Ønskjeleg med erfaring frå lønns- og personalarbeid
• God rekneskaps- og økonomiforståing
• Det er ein fordel dersom ein kjenner til løns- og personalsystemet UBW
Personlege eigenskapar
• Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig
• Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
• Engasjert og oppteken av kunnskapsdeling
• Lærevillig
Vi tilbyr
• Spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Fleksibel arbeidstid, der ein i stor grad planlegg eigen arbeidsdag
• Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Triveleg arbeidsmiljø
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bodil Ness Bauge, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 024
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5149294888
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.07.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
L
Løn og personell, Helse Førde
Andre stillinger innen samme område
Medisinsk sengepost 2 Førde, Helse Førde
Førde, Vestland
Heltid
Optimera AS
Førde, Vestland
Heltid
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta
Førde, Vestland
Heltid