Velkomen til Osterøy ungdomsskule!
NAVOsterøy kommune
📍 Lonevåg, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 dag siden
Velkomen til Osterøy ungdomsskule!
NAVOsterøy kommune
📍 Lonevåg, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 dag siden
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Vil du vera med å gjera ein skilnad og medverke til lærelyst og meistring for framtida?
Osterøy ungdomsskule har trong for to kontaktlærarar:
1 - 100% vikariat frå 01.12.25-31.07.26. Fag: Norsk, samfunnsfag, KRLE
2 - 85% vikariat frå 01.02.26 - 30.06.26. Fag: Norsk, samfunnsfag, KRLE.
Me ynskjer oss deg som er positiv og klar for nye utfordringar i eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø. Du er god på relasjonar og samarbeid med elevar, føresette og kollegaer, og du deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid. Satsingsområda våre er elevmedverknad, lesing, trygt og godt læringsmiljø. Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der arbeid med elevmedverknad står sentralt.
Osterøy ungdomsskule ligg på Hatland i Lonevåg og er den einaste kommunale ungdomsskulen i Osterøy kommune. Me har om lag 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn. Trinna er delt inn som team, og kontaktlærarane arbeider i par.
Me har eit aktivt elevråd, og kommunen arrangerer kvart år elevane sitt heradsstyre.
Kvar vår set 10.trinn opp musikal, noko me er særs stolte over.
8. og 9. trinn har kvart år Ballade. Dette er framsyningar bygd på tverrfagleg samarbeid på trinnet.
Skulen har elevkantine der elevane sjølv deltek i matproduksjon.
Vinteren 24-25 vart skulen oppgradert, og framstår i dag lys og fargerik.
Arbeidsoppgåver
• Skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for alle elevane både fagleg og sosialt
• Planleggja, gjennomføra og vurdera variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet og med god progresjon jmfr. LK-20
• Planleggja og gjennomføra undervising tilpassa den einskilde elev sitt behov
• Aktiv deltaking i det profesjonelle læringsfellesskapet og skulen sitt utviklingsarbeid
• Analysera og følgja opp elevane si læring
• Fokus på undervegsvurdering
• Delta i og bidra til lærande fellesskap og lærarteam på skulen og i Osterøyskulen
• Kommunisera og samarbeida godt med føresette, elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Me tilbyr
• Skulane våre har eit fellesskap og skal saman lose elevane våre trygt og godt gjennom opplæringa.
• Som tilsett i Osterøy kommune vert du ein del av eit stort, omsorgsfullt og kunnskapsrikt fellesskap i Osterøyskulen!
• Osterøyskulen er kjenneteikna av god delingskultur på skulen og mellom skulane, med fokus på skuleutvikling, profesjonsfellesskap og gode samarbeid.
• Som lærar på Osterøy får du god støtte både internt og eksternt, i samarbeid med kollegaer, skuleleiinga, kommunale støttesystem og skuleeigar.
• Som lærar i Osterøyskulen vil du bli ein del av eit positivt, godt og kunnskapsrikt arbeidsmiljø, med rause kollegaer og omsorgsfulle leiarar.
Kvalifikasjonskrav
For å kvalifisere til stillingane må du ha ei av følgjande utdanningar:
• Grunnskulelærarutdanning 5. - 10.trinn
• Pedagogisk utdanning 8.-13. trinn
• Allmennlærarutdanning
I tillegg til grunnskulelærarkompetanse, ønskjer me spesielt at lærarar med følgjande kompetanse søkjer:
• Norsk
• Engelsk
• Matematikk
• Forsterka norsk
• Praktisk estetiske fag
• Spesialpedagogisk kompetanse
Rett formell kompetanse kombinert med personleg eigenskap vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen
Kven er du?
• Du har elevsyn i tråd med overordna del i LK-20
• Du er nysgjerrig, og ser på kvar elev som ein ressurs
• Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
• Du tar initiativ til nye arbeidsmetodar
• Du er strukturert og nøyaktig
• Du er ein relasjonsbyggjar både med elevar og kollegaer
• Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartar
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Lonevåg, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 dag siden
Om bedriften
O