Sekretær/helsesekretær
NAVKREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sekretær/helsesekretær
NAVKREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere i Kristiansund, men det må reknast med arbeid ved SNR Hjelset éin til to dagar per veke. I samband med ferieavvikling, som vinterferie, haustferie, sommarferie og romjul, er vi samlokaliserte på SNR Hjelset.
Som sekretær/helsesekretær får du ei sentral rolle i det administrative arbeidet rundt pasientbehandlinga ved kreftpoliklinikkane på begge lokasjonane. Du vil få grundig opplæring i arbeidsoppgåver ved både Kristiansund og Hjelset, og vi ønskjer at du er fleksibel når det gjeld arbeidsstad ved fråvær og ferieavvikling.
Seksjonen har ein kultur prega av samarbeid, fleksibilitet og tillit. Vi legg til rette for fleksible arbeidstidsordningar og bruk av heimekontor når det er føremålstenleg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og stort engasjement. Arbeidskvardagen kan vere travel, men du vil oppleve eit godt arbeidsfellesskap der medarbeidarane blir verdsette og tekne godt vare på.
Vi ser fram til å motta søknaden din – kanskje er det nettopp du som blir vår nye kollega i dette flotte teamet!
Arbeidsoppgåver
• Yte god service gjennom profesjonell kommunikasjon, koordinering, formidling og andre merkantile oppgåver
• Vere ein støttespelar og leggje til rette for pasientar, pårørande og behandlarar gjennom heile pasientforløpet
• Delta aktivt i dei daglege oppgåvene i seksjonen, både i poliklinikk og sengepost
• Handtere telefonførespurnader, post og ekspedisjonsfunksjonar på ein effektiv og serviceorientert måte
• Bidra til oppfølging av ventelister, dokumentasjon, registrering og rapportering i tråd med gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
• Du har relevant erfaring som gjer deg godt rusta til arbeidsoppgåvene
• Du meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
• Du har gode digitale ferdigheiter og er komfortabel med bruk av ulike datasystem
• Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen
• Du har gjerne erfaring med prosedyrearbeid og bruk av kvalitetssystem, som til dømes EQS
Personlege eigenskapar
• Du er serviceinnstilt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet
• Du er engasjert, fleksibel og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør
• Du trivst i ein variert og travel arbeidskvardag der tempoet til tider er høgt
• Du er nysgjerrig, initiativrik og open for utvikling, forbetring og endring
• Du har gode samarbeidsevner og arbeider godt på tvers av faggrupper for å sikre best mogleg pasientbehandling
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Kontaktinformasjon
Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, ragnhild.bjerkas@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5141577825
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 14.08.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Tide AS
Elkjøp Kristiansund AS
Skeidar Kristiansund
Kristiansund kommune Legetjenester
Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF