Bli leiar i tannhelsetenesta
NAVVest tannhelseområde
📍 Ulset, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Bli leiar i tannhelsetenesta
NAVVest tannhelseområde
📍 Ulset, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden
Stillingsbeskrivelse
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.
God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter tre nye klinikkleiarar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing.
Hesthaugen klinikkområde
Du får ansvaret for Hesthaugen tannklinikk med 17 tilsette. Klinikken held til i nærleiken av Åsane terminal, med god kollektivtilkopling.
Arna klinikkområdeDu får ansvar for Arna tannklinikk og Osterøy tannklinikk som til saman har 20 tilsette. Arna tannklinikk ligg sentralt plassert i Øyrane torg med kort veg til togstasjon, medan Osterøy tannklinikk er samlokalisert med Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg, om lag 40 minutts køyring frå Bergen. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Arna tannklinikk
Nordhordland klinikkområdeDu får ansvar for tannklinikkane i Eivindvik , Manger, Lindås og Nordhordland med til saman 33 tilsette. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Nordhordland tannklinikk i Knarvik.
Som klinikkeleiar for eit av desse klinikkområda, får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.
Arbeidsoppgåver
• Ansvar for personalleiing av dei tilsette, inkludert kompetanseutvikling, medarbeidaroppfølging og
rekruttering.
• Byggje og vidareutvikle trygge og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling.
• Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigne klinikkar
• Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta.
• Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
• Sikre at klinikkane tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service.
Som klinikkleiar vil du vere ein aktiv deltakar i områdeleiar si leiargruppe og bidra i strategiske utviklingsprosessar for tannhelseområdet i Vestland fylkeskommune
Kvalifikasjonar
Du må ha:
• relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande
• erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing
• gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
• godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du har:
• utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse
• erfaring frå offentlege helsetenester
• erfaring med endring- og omstillingsprosessa
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
• utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing.
• evner å skape samhald og felles retning for eininga di.
• byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt.
• tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat.
• er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring.
• byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar.
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Vi tilbyr
• ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement.
• deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram.
• eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe.
• løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
• fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga
Kontaktinformasjon
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936
Arbeidsstad
Åsamyrane 88A
5116 Ulset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151976511
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 17.08.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Ulset, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
V
Vest tannhelseområde
Andre stillinger innen samme område
Synsam Group Norge
Ulset, Vestland
Heltid
Meny Åsane Storsenter
Ulset, Vestland
Heltid