Sjukepleiar i heimetenesta
NAVGol kommune Heimetenesta
📍 Gol, Buskerud
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 5 dager siden
Sjukepleiar i heimetenesta
NAVGol kommune Heimetenesta
📍 Gol, Buskerud
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 5 dager siden
Stillingsbeskrivelse
Er du sjukepleiar og ønskjer ein jobb der du verkeleg betyr noko?I heimetenesta i Gol kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like. Hos oss møter du menneske i alle livsfasar, byggjer tillitsfulle relasjonar og bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet i kvardagen. Vi har ansvar for om lag 200 brukarar med ulike behov, og arbeider målretta for å fremje helse, førebyggje sjukdom og støtte den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Vi legg vekt på å sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i brukarane sine eigne ressursar, ønskje og mål.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, der samarbeid, utvikling og kvalitet står i sentrum. Her får du brukt breidda i sjukepleiefaget, tett samarbeid med dyktige kollegaer og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. Helgevaktene er langvakter på 12,5 timar, noko som gir gode periodar med samanhengande fritid. Som sjukepleiar vil du arbeide både i omsorgsbustader og ute i heimetenesta.
Velkomen til eit fagmiljø som brenn for gode tenester og menneska vi er til for.
Kvifor velje heimetenesta?I heimetenesta får du brukt breidda i sjukepleiefaget. Du tek sjølvstendige vurderingar, handterer varierte problemstillingar og samarbeider tett med andre faggrupper.
Hos oss får du:• ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er like
• stor grad av sjølvstende og fagleg ansvar
• moglegheit til å utvikle og påverke tenestene våre
• eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og læring
• trivelege, inkluderande og dyktige kollegaer som støttar kvarandre
Arbeidsoppgåver:• utføre sjukepleie-, pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med vedtak og faglege retningsliner
• fremje helse, førebyggje sjukdom og bidra til lindring og meistring
• utføre kliniske observasjonar og faglege vurderingar
• legemiddelhandtering, legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgangar
• rettleie nytilsette, studentar og lærlingar
• samarbeide tett med fastlegar, pårørande og andre kommunale tenester
• bidra til utvikling og forbetring av rutinar og prosedyrar
• sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i samsvar med gjeldande lovverk og kvalitetskrav
• medverke til god ressursutnytting og fagleg utvikling i tenesta
Kvalifikasjonar:• autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon (HPR-nummer må registrerast i søknaden)
• bestått norskprøve på nivå B1, både munnleg og skriftleg
• førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:• er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle deg
• er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar
• har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• er løysingsorientert og trivst med nye utfordringar
• har gode IKT-kunnskapar, gjerne erfaring med Gerica
• bidreg positivt til arbeidsmiljøet
• er innovativ og ser moglegheiter for utvikling av tenestene
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.Vi tilbyr:• eit spennande fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
• varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
• deltaking i faglege forum og kompetansehevande tiltak
• kurs og systematisk opplæring
• støtte til relevant vidareutdanning
• konkurransedyktige lønsvilkår
• arbeid etter prinsippa for personsentrert omsorg
• aktiv satsing på kvardagsrehabilitering
• eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 30.08.26Vi gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Gol, Buskerud
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 5 dager siden
Om bedriften
G
Gol kommune Heimetenesta
Andre stillinger innen samme område
Gol kommune Heimetenesta
Gol, Buskerud
Heltid
Gol kommune Helse og omsorg
Gol, Buskerud
Heltid