Kultursjef - 50% fast stilling
NAVKulturavdelinga, Øystre Slidre kommune
📍 Heggenes, Innlandet
📂 Kultur og kreative yrker
📅 Publisert 2 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Øystre Slidre kommune har eit allsidig kulturliv med godt engasjement frå mange frivillige lag. Kultursjefen har ei sterk rolle i å videreutvikle kulturtilbodet for å styrke lokal identitet og bidra til samfunnsutvikling gjennom kultur.
Kultursjefen vår går av med pensjon og vi søkjer derfor etter ny leiar for kulturavdelinga som består av kultur, bibliotek, frivilligsentral, kulturskule, folkehelse og ung kultur. Formålet med avdelinga er å bidra til levande lokalsamfunn ved å skape inkluderande møteplassar for folk i alle aldrar og målgrupper. Avdelinga skal støtte opp om det mangfaldige kultur og fritidstilbodet i samarbeid med frivillige lag, og arbeide for å ivareta og formidle kulturarv og kulturmiljø.
Vi søker ein kreativ sjølvstendig leiar som ser på kultur som nøkkel til samfunnsutvikling, trivsel, integrering og identitet, både lokalt og i Valdresregionen.
Arbeidsoppgåver
Som kultursjef er du ein pådrivar og bidragsytar i vidareutviklinga av kulturområdet, tenestene og kommunen som heilskap. Du har det overordna ansvaret for kulturområdet og rapporterer til kommunalsjef for opplæring og kultur. Kulturskulen er organisert med rektor som rapporterer til kultursjef.
Ansvarsområde og oppgåver:
• Overordna leiaransvar for kulturavdelinga, inkludert personalleiing, økonomistyring, budsjettarbeid og fagleg utvikling
• Sikre god samhandling med frivillige lag, organisasjonar og andre aktørar i kulturlivet
• Synleggjere kulturen si rolle som bidragsytar til stadsutvikling, folkehelse, inkludering, lokal næringsutvikling og identitet
• Overvake og forvalte kulturminne, lokale tradisjonar og kulturarv
• Bidra til god involvering i planarbeid og kommunens øvrige utviklingsprosessar
• Initiere og følgje opp søknads- og prosjektarbeid, inkludert å skaffe ekstern finansiering
• Representere kommunen i relevante nettverk og fora – internt, interkommunalt, mot fylke og stat, og i kulturfeltet
• Iverksetje og følgje opp politiske vedtak innan kulturområdet, og sikre kvalitet og koordinering i gjennomføringa
Oppgåvene løysast saman med tilsette i kulturavdelinga og i samarbeid med andre aktuelle tenester.
Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning
• Leiarerfaring, gjerne med ansvar for både budsjett og personal
• Erfaring frå kulturfeltet – som utøvar, leiar, organisasjonsarbeid eller prosjektarbeid
• Brei kulturforståing
• God forståing for frivillig kulturliv og evne til å samarbeide breitt
• Evne til å sjå kulturens rolle i brei samfunns- og stadsutvikling, inkludert folkehelse, inkludering m.m.
• Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
• Strukturert, initiativrik og trygg i å ta avgjerder og handtere komplekse prosessar
• Evne til å sjå kommunen som ein heilskapleg samfunnsutviklar, der kultur er ein viktig premiss
• Erfaring med digitalisering og utvikling av nye kulturelle uttrykk og arenaer er ein fordel
Personlege eigenskapar
Du er visjonær, nytenkjande og strategisk, med god kjennskap til kulturfeltet. Du har lyst til å utnytte dei moglegheitene som ligg i Øystre Slidre kommune – til glede for innbyggjarane, lokalsamfunnet og regionen vår. Ein sentral del av rolla er å skape engasjement og byggje nettverk ved å få fram det beste i medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
Vi ser etter deg som:
• Er entusiastisk og engasjert
• Har god struktur og evne til heilskapleg planlegging
• Utøver leiarskap på ein samlande og motiverande måte
• Er robust, handlingsretta og løysingsorientert
• Har evne til å handtere usikkerheit og endring
• Har høg integritet og evne til å opptre tydeleg i krevjande prioriteringar
Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt. Det er ønskjeleg at du utfyller kompetansen som allereie finst i kommunedirektøren si leiargruppe.
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø, med dyktige og engasjerte tilsette og rom for fagleg vekst og utvikling
• Hyggelege og positive kolleger som gledar seg til å få deg med på laget
• Du blir ein del av ei leiargruppe som støttar kvarandre
• Nødvendig opplæring og veiledning
• Fleksitidsordning og gode arbeidsvilkår
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
• Nærleik til flotte naturområde, som Beitostølen og Jotunheimen, og gode moglegheiter for jakt og fiske i heile kommunen
• Rikt organisasjonsliv
Kontaktinformasjon
Kjersti Hedalen, Kommunalsjef, +47 91723553
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5022711683
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kultur og kreative yrker
- Sted
- Heggenes, Innlandet
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
K
Kulturavdelinga, Øystre Slidre kommune
Andre stillinger innen samme område
Lena FUS barnehage as
Lena, Innlandet
Heltid
Sparebank 1 Regnskapshuset SMN
Dombås, Innlandet
Heltid
Sparebank 1 Regnskapshuset SMN
Skjåk, Innlandet
Heltid