Senterleiar ved Senter for vitskapsteori
NAVUniversitetet i Bergen
📍 Bergen, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 3 timer siden

Stillingsbeskrivelse
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=LlM1uxJXqBQSenterleiar ved Senter for vitskapsteori
Vil du leie eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter?Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer senterleiar ved Senter for vitskapsteori (SVT) med tilsetjing frå 01.07.2027 eller så snart som mogleg etter dette. Senterleiarstillinga er ei åremålsstilling med tilsettingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?Som senterleiar får du ei unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vere med på å forme senteret slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel.
I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. I tillegg gir stillinga rom for å kombinere fagleg leiarskap med eigen fagleg aktivitet.
Om Senter for vitskapsteori
Senter for vitskapsteori (SVT) er eit tverrfagleg og interfakultært senter med ansvar for vitskapsteoretisk forsking, utdanning og formidling ved Universitetet i Bergen. Senteret er del av Det humanistiske fakultet, men er òg arbeidsplass for tilsette ved ulike fakultet, og den faglege verksemda strekkjer seg på tvers av fagområde, fakultetsgrenser og vitskaplege tradisjonar.
SVT har ei sentral rolle i forskarutdanninga ved UiB gjennom undervisning i vitskapsteori og etikk for ph.d.-kandidatar. Senteret tilbyr òg tverrfaglege og forskingsbaserte danningsemne på bachelornivå og har programansvar for masterprogrammet i berekraft.
Forskinga ved senteret er prega av eit tett samspel mellom forsking, undervisning og formidling. SVT leier og deltek i eksternfinansierte forskingsprosjekt og samarbeider breitt med fagmiljø ved UiB, nasjonalt og internasjonalt. Forskinga omfattar mellom anna vitskapsfilosofi, vitskapshistorie, forskingsetikk, STS og studiar av vitskapen si rolle i samfunnet.
Senteret har omlag 16 årsverk og eit mangfaldig, tverrfagleg fagmiljø med forskarar, stipendiatar, postdoktorar og administrative medarbeidarar.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Som senterleiar har du det faglege, administrative og strategiske leiaransvaret for verksemda ved senteret. Du er ansvarleg for dagleg drift, strategiske prioriteringar, personale, HMS-arbeid, ressursbruk og økonomi. Senterleiar har arbeidsgjevaransvar for tilsette ved senteret.
Du har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved senteret, inkludert forsking, undervisning og formidling. Ansvaret omfattar òg forvalting og vidareutvikling av senteret sine studieprogram, inkludert koordinering med samarbeidspartnarar. Gjennom samarbeid med tilsette og studentar skal du bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i verksemda.
Senterleiar har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innanfor rammevilkår fastsette av fakultetsstyret.
Du skal utøve fagleg og strategisk leiing av det faglege fellesskapet ved senteret, og leggje til rette for forskingsaktivitet, ekstern finansiering og forskingsformidling. Senteret er særskilt sterke på innhenting av ekstern finansiering, og prosjektinitiering vil vere ein særleg sentral del av stillinga. Vidare inkluderer rolla som senterleiar òg å koordinere, styrkje og vidareutvikle samarbeid med partnarar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Senterleiar rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet.
Nødvendige kvalifikasjonar:
• Søkjarar skal fortrinnsvis ha professorkompetanse (minimum førsteamanuensisnivå) i vitskapsteori, med forskings- og undervisingserfaring innanfor senterets fagområde eller liknande fagområde. Kompetansen må være oppnådd på søknadstidspunktet. Utdanningsfagleg kompetansekrav gjeld ikkje for søkjarar tilsett som professor eller førsteamanuensis før dette kravet blei innført 01.09.2019.
• Fagleg-administrativ leiarerfaring frå sektoren eller andre komplekse organisasjonar med faglege oppgåver.
• God kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved senteret.
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, inkludert:
• Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer.
• Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål.
• Høg integritet og evne til å skape tillit.
• Ein motiverande, open, målretta og inkluderande leiarstil.
• Evne til å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø.
• Solide kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar og samarbeid.
• Fokus på utvikling og å finne gode løysingar.
• Evne til å ivareta studentperspektiv gjennom aktiv involvering av studentane.
Tilsetting i stillinga vil bygge på ei heilskapleg vurdering.
Hos oss får du:
• Interessante og utviklande leiaroppgåver.
• Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
• Dyktige og engasjerte tilsette i aktive fagmiljø.
• Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
• Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
• Løn i stillingskode 1475 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 1 184 600 - 1 234 600, avhengig avkompetanse og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
• Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
• Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden skal innehalde:
• Søknadsbrev. I søknadsbrevet skal det gjerast greie for søkjaren sine ambisjonar for senteret si forskingsverksemd og vidare utvikling, inkludert leiing av forskingsmiljø, utdanning, samarbeid og strategisk utvikling.
• CV.
• Vitnemål og attestar.
• Fullstendig publikasjonsliste og anna dokumentasjon av relevant fagleg kompetanse, prosjekt- og leiarerfaring.
• Referansar kan oppgivast i søknaden/CV-skjema eller på førespurnad.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Nærare om tilsettingsprosessen her
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 timer siden
Om bedriften
U
Universitetet i Bergen
Andre stillinger innen samme område
Er du statsautorisert regnskapsfører og ønsker å jobbe med rådgivning i et bransjeledende selskap?
NAVAzets Insight AS
Bergen, Vestland
Heltid
Stiftelsen Virksomheten Helgeseter
Bergen, Vestland
Heltid
Forsvarets fellestjenester, Forsvaret
Bergen, Vestland
Heltid