Vil du gjere ei viktig samfunnsoppgåve - Kyrkjegardsarbeidar
NAVKinn Kyrkjeleg Fellesråd - Florø
📍 Florø, Vestland
📂 Natur og miljø
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Er du glad i å arbeide, fleksibel og løysingsorientert? Hjå oss kan du utføre ei viktig samfunnsoppgåve. Dette er ei heilt avgjerande stilling for alle i lokalsamfunnet.
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig ei fast stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100 prosent, med oppstart snarast.
Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt i Kinn kommune. I Kinn sør har vi tolv gravplassar, og det er desse du primært vil få i oppgåve å arbeide med. I Kinn nord har vi sju offentlege kyrkjegardar og ein privat. Kinn kyrkjelege fellesråd har i tillegg ansvar for sju kyrkjer, og vedlikehald eller anna relevant arbeid ved desse kan famne inn under stillinga. Vi har eit stort ynske om at våre tilsette kan utføre fleire oppgåver og vere fleksible, soleis at vi best mogleg kan utføre samfunnsoppdraget vårt med dei ressursane vi har.
Oppgåver som naturleg ligg til stillinga:
• Halde orden og system på gravplassane
• Hjelpe til ved gravferder
• Opning og lukking av graver
• Urnenedsetjingar
• Bruk av maskiner og lastebil
• Vedlikehald av gravplassane, inkludert bygg
• Vedlikehaldsarbeid på kyrkjene
• Registrering av graver og gravsteinar
• Rydding av snø
• Tømming av avfall
• Vedlikehald og oppretting av private gravminne kan kome til ved kapasitet
• Gravstell
• Andre oppgåver delegert frå kyrkjeverja
Dette ser vi etter
• Kan arbeide sjølvstendig
• Fleksibel og løysingsorientert
• Gode samarbeidsevner
• Må kunne gjere seg forstått på skandinavisk
• Evne til å prioritere det viktige
• Bør kunne eller må lære å grave med gravemaskin
• Må ha sertifikat for personbil B
• Bør ha sertifikat for lastebil C og maskinførarbevis
• Røynsle frå kyrkjegardsarbeid vil vere positivt
Vi vil leggje avgjerande vekt på at søkjar er eigna til stillinga. Ingen krav til utdanning. Løn etter kyrkjeleg tariff. Pensjonsordning i KLP. Søkjarlista er offentleg.
Arbeidet vil utvikle seg etter tilhøva og det fellesrådet treng.
Dersom du har spørsmål til stillinga, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård. Kontor 481 00 481 -- mobil 466 455 75. Send søknad til kyrkja@kinn.kommune.no, eller lever på kyrkjekontoret i Florø, Markegata 28. Søknadsfrist 29. oktober 2025.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Natur og miljø
- Sted
- Florø, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
K
Kinn Kyrkjeleg Fellesråd - Florø
Andre stillinger innen samme område
NORSEA LOGISTICS AS
Florø, Vestland
Heltid
Fjord1 AS
Florø, Vestland
Heltid