Bioingeniør
NAVMikrobiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Bioingeniør
NAVMikrobiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Vi ser etter deg som ønskjer å bli ein del av ei engasjert avdeling der vi har fokus på best mogleg behandling for pasientane våre. Her blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med trivelege og positive kollegaer – perfekt for deg som vil jobbe i ei dynamisk avdeling i vekst!
Om oss:
Avdelinga vår utfører eit breitt spekter av laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi for sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal, med seksjonar både på Hjelset og i Ålesund. Vi er stolte av å tilby analyser og tenester utover standard repertoar, noko som har gitt oss eit rykte for høg kompetanse og førsteklasses service. Som bioingeniør hos oss vil du bli del av eit kunnskapsrikt og inkluderande fagmiljø, der du får høve til både fagleg utvikling og til å bidra til det viktige forbetringsarbeidet vi driv med kvar dag. Sjå gjerne nettsida vår for meir informasjon om avdelinga vår her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
• Laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi, med særleg vekt på infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi/mykologi
• Service og samarbeid med sjukehusa i fylket og primærhelsetenesta
• Moglegheit til å jobbe med avanserte diagnostiske metodar i ei avdeling som set kvalitet og utvikling høgt
Kvalifikasjonar
• Bioingeniør med norsk autorisasjon
• Flytande norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
• Erfaring innan mikrobiologi/molekylærbiologi eller relevante diagnostiske metodar er ein fordel
Personlege eigenskapar
• Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert, med god evne til sjølvstendig arbeid
• Fleksibel og endringsvillig, samt motivert for systematisk arbeid i ei avdeling i stadig utvikling
• Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande og utviklande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande tariffavtalar
• Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning med fordelaktige forsikringsvilkår
• Krevjande, varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit helseføretak og ei avdeling i omstilling og utvikling
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, 71116051, Cecilie.Eikrem.Myklebust@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5007193312
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 26.09.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
Mikrobiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVMedisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR - Helse Møre og Romsdal HF
Avdeling for radiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF