Søk stilling som er open på kompetansekravet
NAVLærdal kommune Bu- og miljøtenesta
📍 Lærdal, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 3 uker siden
Søk stilling som er open på kompetansekravet
NAVLærdal kommune Bu- og miljøtenesta
📍 Lærdal, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 3 uker siden
Stillingsbeskrivelse
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
Arbeidsoppgåver:Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
Kvalifikasjonskrav til søkjar:Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja! Søkjarar med 3 årig helsefagleg utdanning og fagarbeidarar innan helse vil bli prioriterte.
Personlege eigenskapar:• gode samarbeidsevner
• evne til fleksibilitet
• er ansvarsbevisst og lojal
• kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:• ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
• godt arbeidsmiljø
• opplæring og veiledning
• eit bra fagmiljø med mykje kompetanse
Arbeidstid:Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Lønsvilkår:Løn etter tariff
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:• Full barnehagedekning
• Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
• Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
• Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Lærdal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
L
Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Andre stillinger innen samme område
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Lærdal, Vestland
Heltid
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Lærdal, Vestland
Heltid
Lærdal kommune Helsesenter
Lærdal, Vestland
Heltid
Lærdal kommune Helsesenter
Lærdal, Vestland
Heltid