Lærarjobb på fjellet!
NAVBykle kommune, Bykle
Lærarjobb på fjellet!
NAVBykle kommune, Bykle
Stillingsbeskrivelse
Skulen har moderne fasilitetar og svært god tilgang på analoge og digitale verktøy for både lærarar og elevar. Uteområda gir gode høve til praktisk læring og klassestorleiken gjer det mogleg å nytte varierte undervisningsformer. På småskulen har vi fast utedag.
Vi legg stor vekt på skuleutvikling og eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi ønsker at lærarane våre engasjerer seg aktivt i dette arbeidet. Lærardekninga er god og du vil bli ein del av eit kompetent og engasjert kollegium.
Då to av våre lærarar skal ut i barselpermisjon er det ledig to vikariat i 100% fram til 31.7.2027. Oppstart medio april, eller etter avtale.
Den eine stillinga er på småskulen, 1.- 4.klasse, og den andre er på mellomtrinnet og ungdomsskulen. Fagønske for ungdomsskulen er norsk og engelsk. Andre fag kan og vere ønskeleg.
Arbeidsoppgaver
• Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i samsvar med læreplanverket
• Legge til rette for varierte og praktiske læringsformer
• Skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø som fremjar trivsel og læring
• Følgje opp elevar fagleg og sosialt i samarbeid med føresette og kollegaer
• Delta aktivt i skuleutvikling og profesjonsfellesskap
• Bruke digitale verktøy og ressursar i undervisninga
• Bidra til godt samarbeid i kollegiet og med andre faggrupper
• Vere med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar og arrangement for skulen
Kvalifikasjoner
• Godkjent lærarutdanning for undervisning, gjerne allmennlærar eller grunnskulelærar
• Evne og kompetanse til å bruke digitale læremiddel og verktøy i undervisninga
• Erfaring med klasseleiing og tilpassa opplæring
• Evne til samarbeid og god kommunikasjon med kollegaer, elevar og føresette
• Engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap
Personlege eigenskapar blir vektlagt i vurderinga av søkjarar.
Personlige egenskaper
• Har stort engasjement for elevane si læring
• Er ein tydeleg klasseleiar som er i stand til å skape trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
• Skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø
• Har gode faglege og pedagogiske ferdigheiter
• Har gode digitale ferdigheiter og erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga
• Kommuniserer godt og etablerer gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
• Er nysgjerrig på å lære og trivst med utvikling
• Viser engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap
Vi tilbyr
• Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Ein skule med moderne fasilitetar og svært gode digitale verktøy
• Moglegheit til fagleg utvikling og deltaking i profesjonsfellesskap
• Nærleik til flott natur og gode fritidstilbod i kommunen
• Hjelp til å finne bustad dersom det er behov
• Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
• Bykle kommune er ein distriktskommune og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i eit år avskriving på studielån på 25 000,- pr år
• Oppfølging av mentor for nyutdanna
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Flyttegodtgjersle etter eige reglement
• Bedriftsleilighet i Kristiansand
Kontaktinformasjon
Lars Erik Domaas, Rektor/Virksomhetsleder, 95775888
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 BYKLE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle
Referansenr.: 5064386681
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.04.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Bykle, Agder
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
Bykle kommune, Bykle
Andre stillinger innen samme område
MANDAL KJØLESERVICE AS
MANDAL KJØLESERVICE AS
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Kristiansand
Espira Husebyparken
Pedagogisk Vikarsentral AS Avd. Kristiansand