Prosjektleiar/seniorrådgivar - villreinforvaltning
NAVMiljødirektoratet
📍 Trondheim, Trøndelag
📂 Natur og miljø
📅 Publisert 2 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Miljødirektoratet har ansvar for fleire oppgåver i villreinforvaltninga. Vi kartlegg kunnskapsbehov, finansierer forsking og overvaking av tilstand og gir faglege råd om forvaltning av villrein og leveområda til villreinen. Vi har også ansvar for rettleiing for kommunar, statsforvaltarar og andre i spørsmål knytt til arealforvaltning og konsekvensutgreiing.
Miljødirektoratet har ei sentral rolle i oppfølging av oppgåver med bakgrunn i stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og omfattar mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Stillinga er plassert i viltseksjonen, som er ein av sju seksjonar i land- og friluftslivsavdelinga. Seksjonen har 13 tilsette og stillinga har kontorstad på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
• koordinere, følgje opp og sakshandsaming av oppgåver knytt til stortingsmeldinga om villrein og tiltaksplanar for villreinområde på tvers av seksjons- og avdelingsgrenser
• sørgje for god framdrift i prosessar og oppgåver
• vurdere og følgje opp kunnskapsbehovet for villreinforvaltninga
• etablere eit system for regelmessig rapportering av tiltak og effekten av desse i villreinområda, og dessutan å rapportere til Regjering og Storting
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar• relevant høgare utdanning på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
• relevant arbeidserfaring, inkludert erfaring med prosess-/ prosjektleiing
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
• erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning vil leggjast vekt på
• god kjennskap til og erfaring med digitale saksbehandlingsverktøy
• god kunnskap om digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel
Eigenskapar• du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt
• du har pågangsmot, god rolleforståing og er fagleg trygg
• du har gode kommunikasjonsferdigheiter og er vant til å uttale deg til/vere i media
• du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar
• du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
• fast stilling som seniorrådgjevar med lønn i spennet frå kr 680 000 – 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.
• ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
• gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
• eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida.
• fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
• kontorstad på Brattøra i Trondheim
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, tlf. 952 31 575 eller e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no, eventuelt fagdirektør Erik Lund, e-post erik.lund@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 08-2026 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Natur og miljø
- Sted
- Trondheim, Trøndelag
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
M
Miljødirektoratet
Andre stillinger innen samme område
Avdeling for psykose og rehabilitering, FACT psykose Vest, Klinikk Psykisk helsevern
Trondheim, Trøndelag
Heltid
Konica Minolta Business Solutions Norway AS
Trondheim, Trøndelag
Heltid
Blå Kors klinikk Lade
Trondheim, Trøndelag
Heltid
Saksbehandler
NAVHelse- og velferdskontor Falkenborg, Trondheim kommune
Trondheim, Trøndelag
Heltid