Sommarvikarar til Sjukehusapoteket i Førde
NAVSIF Sjukehusapoteket i Førde, Sjukehusapoteka Vest
📍 Førde, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 2 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Kan du tenkje deg ein sommar med verdifull erfaring, lønn og sjansen til å bli kjent med farmasien på ein litt annleis måte?
Er du farmasistudent, apotekteknikarelev eller har annan relevant bakgrunn, har du no mogelegheit til å
anvende kunnskapen din i praksis, samtidig som du utviklar dine ferdigheiter saman med erfarne
kollegaer i eit stimulerande fagmiljø.
Kven er vi?
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det totalt vel 350 medarbeidarar, fordelt på seks sjukehusapotek og
ein sentraladministrasjon i Bergen. Alle saman bidrar til at pasientar over heile Vestlandet kvar dag får
legemidla dei treng på ein trygg og riktig måte.
Her på sjukehusapoteket i Førde er vi cirka 30 medarbeidarar. Vi er ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og anna helsepersonell, fordelt på fire ulike avdelingar som arbeider godt og tett saman.
I sommar har vil ledige stillingar for sommarvikarar i sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept.
Når i sommar?
Vi ser etter deg som kan arbeide hos oss i perioden 22. juni til 16. august. Du må gjerne jobbe heile denne
perioden, iallfall minst fem-seks veker. Fire av vekene må også vere samanhengande. Difor er det
kjempefint om du kan skrive i søknaden kva veker du kan tenkje deg å jobbe.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko om arbeidsoppgåver i avdelinga eller har andre spørsmål!
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar:
• farmasistudentar, med og uten ekspedisjonsrett, og elevar på apotekteknikar linja
• andre studentar/kandidater med interesse for faget og stillinga
• gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
• gode IKT-kunnskapar
Kven er du?
• Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, er ansvarsbevisst og påliteleg
• Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
• Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr:
• sjansen til fagleg og personleg utvikling
• gode og støttande kollegaer
• opplæringa du må ha
• løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Vesna Tanaskovic Lien, Konst. sjukehusapotekar, +47 48670295
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest
Referansenr.: 5066035387
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
S
SIF Sjukehusapoteket i Førde, Sjukehusapoteka Vest
Andre stillinger innen samme område
INV - Vegbygging, Vestland fylkeskommune
Førde, Vestland
Heltid