Seksjonsleder
NAVKvinne- og familieavdeling, Helse Bergen HF, Rus- og avhengighetsklinikken
Seksjonsleder
NAVKvinne- og familieavdeling, Helse Bergen HF, Rus- og avhengighetsklinikken
Stillingsbeskrivelse
Om seksjonen
Ved seksjonen jobbar det i dag ein psykologspesialist og to psykologar, éin legespesialist og éin lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit strukturert behandlingsprogram, mellom anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, kunst- og uttrykksterapi, treningsterapi, utandørsterapi og miljøterapi.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og småbarnsforeldre som har eller har hatt vanskar knytta til rusmiddel eller vanedannande medikament. Familieambulatoriet kan gi oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har og ei eiga leilegheit der familiar i sårbare fasar kan få tilbod om brukarstyrt innlegging og dei samarbeider tett med Kvinneposten.
I avdelinga har vi eit godt arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit og eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.
Om stillinga
Seksjonsleiar vil ha fag-, økonomi- og personalansvar for omlag 30 tilsette samt ansvar for å sikre forsvarleg døgndrift av seksjonen. Seksjonsleiar inngår i leiargruppa til avdelingssjef og samarbeider tett med andre seksjonar internt i RAK, men også eksternt med samarbeidspartar. Du bør søke om du er ein leiar med erfaring frå - og som trivst med heilhetleg leiing av personale, økonomi og fag. Du bør ha erfaring med å leie team, verdset tverrfagleg tenking, ha gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter og god kjennskap til pasientgruppa, trivs i skiftande miljø der fleksibilitet er nødvendig, ha god evne til å organisere og lede tverrfagleg team på en engasjerande og motiverande måte. Det er ein fordel om du har erfaring frå rusbehandling i døgnrammer. Du bør ha gode relasjonelle ferdigheiter, fagleg kompetanse og engasjement og god forståeleg for økonomi og budsjettering. Arbeidsstad er på Tertnes, du må påberekne noe møtevirksomhet utanfor seksjonen.
Arbeidsoppgåver
• Seksjonsleiar vil ha fag- økonomi- og personalansvar for eigen seksjon med om lag 30 tilsette
• Ansvar for å sikre forsvarleg døgndrift av seksjonen
• Bidra til tenesteutvikling i eige fagfelt
• Ansvarleg for samarbeid eksternt og internt
• Iverksette tiltak i tråd med føretakets overordna mål
• Vere aktiv bidragsytar til trepartssamarbeid i eigen seksjon
• Vere ein del av leiargruppa ved kvinne- og familieavdelingen og rapportere ukentlig til administrativ leiar
Kvalifikasjonar
• Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
• Ønskelig med vidareutdanning innan leiing og administrasjon og/eller vidareutdanning innan rus og psykiatri
• Leiarerfaring
• Erfaring frå arbeid med rus og/eller psykiatri
• Erfaring frå arbeid med samarbeid på tvers av tenestenivå
• Erfaring frå arbeid med økonomistyring, arbeidsplanlegging og administrative oppgåver
• God kjennskap til helsetenesta og gjeldande lover og forskrifter
Personlege eigenskapar
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• God arbeidskapasitet
• Evne til å motivere medarbeidarar
• Evne til å bygge gode relasjonar
• Evne til å arbeide strukturert og målretta
• Evnen til å leie under tidvis travle forhold
• Evnen til å være fleksibel, tydlig og ansvarlig
Vi tilbyr
• Ein spennande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø og med et godt arbeidsmiljø
• Tilgang på Helse Bergens sine leiarutviklingsprogram
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lønn i samsvar gjeldande overeinskomst
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderandre arbeidslivsbedrift
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Trude Larsen, Avdelingssjef, +47 98800425
Arbeidsstad
Tertnesveien 35
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5061428834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Tertnes, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
Kvinne- og familieavdeling, Helse Bergen HF, Rus- og avhengighetsklinikken
Andre stillinger innen samme område
Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Behandling, bo- og ressursveiledning, Psykisk helse, Bergen kommune
DP Vestkanten
Best Pedagogisk AS
Dely AS Peppes Landås