Helsesekretær, 100% vikariat
NAVKommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg
Helsesekretær, 100% vikariat
NAVKommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg
Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer etter deg som er arbeidsvilleg, strukturert, sjølvstendig og kan handtere ein hektisk kvardag med varierte oppgåver. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av primærhelsetenesta til lokalbefolkninga i Hornindal.
Legekontoret i Hornindal er i hovudsak fastlegesenter (fire legar og to hjelpepersonell) og daglegevakt, men er samlokalisert i helsehuset med helsestasjon, tannlege, fysioterapeut og kiropraktor. Som hjelpepersonell er ein tilsett i kommunen, og jobbar på dagtid.
Arbeidsoppgåver
-Pasientekspedisjon og pasientadministrasjon
-Sentralbordfunksjon
-Laboratoriearbeid
-Skiftestovearbeid
-Anna forefallande arbeid
-Bidra med å bygge og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
-Autorisert helsesekretær / andre med relevant helsefagleg utdanning kan også bli vurdert.
-Erfaring frå legekontor vil bli vektlagt.
-Personlege eigenskapar – empatisk, tolmodig og med positiv innstilling, som trivst med personleg kontakt og kan bygge tillit blant pasientar.
-Sterke munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
-Gode IT-kunnskapar og evne til å lære nye fagsystem.
-Det er ønskeleg med akuttmedisinkurs, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Som helsesekretær bør du like å møte nye mennesker. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, kunne arbeide sjølvstendig, ha serviceinnstilling og samarbeidsevner. Du må også vere nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo og uforutsette hendingar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.Vi tilbyr
-Godt arbeidsmiljø
-God internopplæring i arbeidsoppgåvene
-Lønn etter utdanning og kvalifikasjonar
-God pensjonsordning
-Variert og innhaldsrik arbeidskvardag
Kontaktinformasjon
Sølvi Hovdenakk, Seksjonsleiar Volda legesenter, +47 41560248
Arbeidsstad
Grøddesvegen
6763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5071115984
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hornindal, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Kommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg
Andre stillinger innen samme område
Medvind Assistanse
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Læringsverkstedet Isfjorden Naturbarnehage AS
Læringsverkstedet Øyane Barnehage AS
Overlege Urologi
NAVKIRURGISKE LEGAR ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF