Rettleiar arbeidsretta oppfølging - NAV ungdom og integrering
NAVAlver kommune
📍 Isdalstø, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Alver kommune har busett nær 450 flyktningar i perioden 2022–2025. For at dei som kjem til kommunen skal få eit godt grunnlag for vidare liv, er det avgjerande at flest mogleg kjem i arbeid og blir godt integrerte i lokalsamfunnet. Mange treng støtte både for å få og for å halde på ein jobb. Dei fleste som er busette dei siste to åra har kollektiv beskyttelse og skal gjennom eit kort introduksjonsprogram.
NAV Alver styrkjer integreringsteamet og søkjer no ein engasjert rettleiar i 100% vikariat som vil bidra til at personar med fluktbakgrunn kjem raskt og varig ut i arbeid!
Oppstart er snarast eller etter avtale.
Om oss
Nav Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Me er ein bidragsytar til utjamning av sosiale forskjellar i samfunnet. Navs samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremme overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skape eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad.
Er du god på å finne moglegheiter, ressursar, og ein pådrivar for samarbeid? Vil du være med på laget, saman med dyktige og engasjerte kollegaer? Då håper me du sender inn ein søknad!
Kompetanse
• Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet, innan sosialfaglig eller samfunnsfaglig retning. Særleg relevant erfaring og eventuell anna utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
• Erfaring frå arbeidsretta oppfølgingsarbeid med personar med flukt.
• Gode IKT-ferdigheter, fordel med kjennskap til fagsystema i NAV, Visma Flyktning og Office365
• Gode norskferdigheter skriftlig og muntlig
• Kunnskap om arbeidsmarkanden og utdanningssystem
• Førarkort kl. B
Ynskja kompetanse:
• Du har forståing for arbeidsinkludering og relasjonsbygging mot arbeidsgjevar.
• Du har erfaring med å jobbe med menneske i sårbare situasjonar.
• Du har erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg.
Det er eit føremon men erfaring med saksbehandling etter aktuelt lovverk.
Arbeidsoppgåver
• Arbeidsretta rettleiing og oppfølging av flyktningar.
• Oppfølging av deltakarar i AlverBasen (Jobbsjansen).
• Bistå nye innbyggjarar med å etablera seg i arbeidslivet, gjennom informasjon om norsk arbeidsliv, karriererettleiing og støtte i jobbsøkarfasen.
• Bidra til at kvar deltakar i introduksjonsprogrammet får eit innhaldsrikt, arbeidsretta og individuelt tilpassa program.
• Sikra overgang til arbeid gjennom god kontakt med arbeidsmarknaden.
• Samarbeida tett med andre aktørar i og utanfor kontoret, mellom anna fastlegar, helseinstitusjonar, utdanningsinstitusjonar, tiltaksarrangørar og ikkje minst arbeidsgjevarar.
• Bruka relevant regelverk i rettleiing og saksbehandling. Gjera vurderingar, saksbehandla og dokumentera med utgangspunkt i aktuelt lovverk som integreringslova, folketrygdlova, forvaltningslova og NAV‑lova.
• Ansvar for eige arbeidsområde og ta medansvar for teamet sine felles oppgåver.
• Bidra i alle delar av busettings- og integreringsarbeidet – frå busetting og introduksjonsprogram til oppfølging mot arbeid.
Kven er du?
For stillinga ønskjer me ein tolmodig og fleksibel kollega med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i tett samarbeid med andre.
Du finn gode løysingar og tek ting på sparket når det trengst. Du søker gode løysingar saman med andre og er komfortabel med å ikkje ha alle svara sjølv. Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit, og du medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me søkjer deg som er tolmodig, engasjert, motiverande og positiv, og som er initiativrik og har engasjement for brukargruppa.
Me ser etter deg som har erfaring med arbeidsretta oppfølging av personar med ulik bakgrunn og ulike utfordringar i møte med arbeidsmarknaden. Det er òg viktig at du trivst med teamarbeid og er van med å ta ansvar for eiga læring og utvikling.
Me tilbyr
• Tilsetjing etter avtale sett opp mot utdanning og erfaring
• Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
• Oppfølging og rettleiing
• Gratis parkering
• Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
• God pensjonsordning i KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Me arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. NAV er i stadig utvikling og endring, og variasjon i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Isdalstø, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
A