Sommarvert Norsk Reiselivsmuseum
NAVStiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Sommarvert Norsk Reiselivsmuseum
NAVStiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingsbeskrivelse
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader i Balestrand.
Du fer rikare: Du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer i eit profesjonelt museumsmiljø, du har lært om kulturhistoria vår, du har fått relevant arbeidserfaring, du har møtt mange menneske frå heile verda og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. Hos Norsk Reiselivsmuseum formidlar vi historia om korleis Noreg vart eit reisemål og utviklinga av turismen.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:• Vertskap og publikumsmottak
• Billettsal, resepsjon og informasjon
• Drift av museumsbutikk og kafé
• Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
• Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
• Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:• er fødd seinast i 2009
• kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
• trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
• har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
• har erfaring med SoMe
• tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
• stiller opp og er til å lite på
• har ordenssans og får ting gjort
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav – du får opplæring.
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid i tida mellom 10:00-17:30 måndag til søndag i perioden 22.06.2026-23.08.2026. I tillegg vil det vere aktuelt med helgevakter i skuldersesong.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Balestrand, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Andre stillinger innen samme område
Dragsvik Fjord Hotel As
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
DP Vestkanten
Best Pedagogisk AS