Politibetjent 3/2/1
NAVMøre og Romsdal Politidistrikt
Politibetjent 3/2/1
NAVMøre og Romsdal Politidistrikt
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2/1 ved Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt.
Vi søkjer deg som har høg motivasjon for å arbeide i kombinert stilling med vakt og beredskap, etterforsking og førebygging, og som vil vere med på å utvikle polititenesta i Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Vi har politistasjonar i Sunndal og Tingvoll. For tida har vi ledig stilling ved Tingvoll politistasjon.
Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med spennande og varierte arbeidsoppgåver, der vakt og beredskap og etterforsking vil vere ein viktig del. I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking frå heimen. I periodar kan ein måtte pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som ønskjer å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet.
Arbeidsoppgåver
• arbeid innanfor vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
• etterforskingsoppgåver
• utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
• kriminalitetsførebyggjande arbeid
• delta i politistasjonsdistriktet si beredskapsteneste
• arbeid med forvaltning og sivile gjeremål
• andre oppgåver kan påleggast
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
• bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen ved tiltreding. Vitnemål må leggjast ved, eventuelt ettersendast for avgangsstudentar 2026. Karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
• IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
• erfaring frå politistilling
• gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
• etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanning
• anna relevant erfaring
Personlege eigenskapar
For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du
• har gode samarbeidseigenskapar
• har god evne til kommunikasjon og evne til å byggje tillit hos publikum
• er ansvarsbevisst
• kan jobbe sjølvstendig og strukturert
• er handlekraftig og tek initiativ
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
• ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet
• fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt, med lønn som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
• politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 705 000
• politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
• politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
• godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
• medlemsskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
• mogelegheit for trening i arbeidstida
• Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Sikkerhet og beredskap
- Sted
- Tingvoll, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Møre og Romsdal Politidistrikt
Andre stillinger innen samme område
Tingvoll kommune Institusjonstjenestene
Tingvoll kommune Institusjonstjenestene
Tingvoll kommune Næring, plan og teknisk tjenester
Mobarn Panorama Barnehage As
RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF