Sommarvert De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum
NAVStiftinga Musea i Sogn og Fjordane
📍 Kaupanger, Vestland
📂 Kultur og kreative yrker
📅 Publisert 2 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Med oss fer du rikare!
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Vestreim i Sogndal kommune.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har fått relevant arbeidserfaring, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde. I hovudbygningen finn du utstillingar, så vel som kafe og museumsbutikk. På Sogn Fjordmuseum ved Amlabukti har vi utstillingar som formidlar fjordkulturen og ein enkel kiosk.
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte sommarvertar som vil vere med på å gi besøkande ei minneverdig museumsoppleving sommaren 2026. Hos De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum formidlar vi historia om korleis menneska har levd i Sogn frå 1600-talet og fram til i dag.
Som sommarvert er du museets ansikt utad og ein viktig del av møtet mellom publikum og historia. Du ønskjer gjestar frå inn- og utland velkomen, gir informasjon og bidreg til at alle får eit triveleg, lærerikt og inspirerande besøk. Du vil også bidra til å løyse praktiske driftsoppgåver.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle med varierte oppgåver:• Vertskap og publikumsmottak
• Billettsal, resepsjon og informasjon
• Museumsbutikk og kafé
• Enkle formidlingsoppgåver og omvisingar
• Synleggjering av museet, mellom anna i SoMe
• Praktiske oppgåver knytt til dagleg museumsdrift
Vi ser etter deg som:• er fødd seinast i 2008
• kan uttrykke deg munnleg på norsk og engelsk
• trivst i ei vertskaps- og omvisarrolle
• har interesse for og likar å formidle kulturhistorie
• har erfaring med SoMe
• tilpassar deg og trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
• stiller opp og er til å lite på
• har ordenssans og får ting gjort
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller formidling er ein fordel, men ikkje eit krav – du får opplæring.
Praktisk informasjon om stilling og søknad
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 25. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan måndag til søndag, med ulike arbeidstider, avhengig av type vakt i perioden 01.06.2026-31.08.2026. Det er også aktuelt med enkeltvakter i helg og i samband med gruppe-besøk i skuldersesongen, mai og september. Sommarvertar vil få vakter på både Sogn Fjordmuseum og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kultur og kreative yrker
- Sted
- Kaupanger, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
S
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Andre stillinger innen samme område
Lerum AS
Kaupanger, Vestland
Heltid
Are Treindustrier Kaupanger AS
Kaupanger, Vestland
Heltid
Best Pedagogisk AS
Kokstad, Vestland
Heltid
Dely AS Peppes Landås
Bergen, Vestland
Heltid