Vil du leie produksjon og leveranse i eit av Sunnfjord sine mest solide industrikonsern?
NAVFørde Sementvare AS
📍 Førde, Vestland
📂 Industri og produksjon
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Førde Sementvare AS er ei veletablert industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong til bygg- og anleggsmarknaden. Vi er ein viktig leverandør i regionen og står framfor ei spennande utviklingsfase med vidare profesjonalisering, vekst og effektivisering.
No søkjer vi ein operativ leiar som vil ta heilskapleg ansvar for produksjon og leveranse -- og som ønskjer å setje retning, skape struktur og levere resultat.
Ei nøkkelrolle i konsernet
Som operativ leiar får du ansvar for den største avdelinga i selskapet, med verksemd på to lokasjonar -- Førde og Loen. Du leier heile den operative verdikjeda, frå elementproduksjon til ferdig leveranse hos kunde.
Dette er rolla for deg som trivst tett på drift, folk og produksjon -- og som vil kombinere leiing, teknisk forståing og kontinuerleg forbetring.
Dine ansvarsområde:
• Overordna ansvar for operativ drift: elementproduksjon, transport, montasje, lager og logistikk
• Sikre effektiv, strømlinjeforma og føreseieleg drift med høg kvalitet, god HMS og kontinuerleg forbetring
• Kostnads-, budsjett- og personalansvar for den operative eininga
• Kapasitetsplanlegging og optimal ressursutnytting i samspel med prosjekteiningane og teamleiarar
• Leie og utvikle kultur og medarbeidarar i den operative organisasjonen
• Ansvar for HMS, kvalitetssystem og internkontroll
• Sørgje for god samhandling, planlegging og informasjonsflyt mellom lokasjonar, drift og kundeprosjekt
• Sikre at Førde Sementvare er leiande på produksjon og leveranse til kunde
Vi ser etter deg som er:
Ein trygg og strukturert leiar med sterk operasjonell forståing og evne til å byggje gode lag. Du har:
• Erfaring frå leiing i produksjons-, industri- eller driftsorganisasjonar
• God forståing for drift og produksjon som kostnadseining og samspel med prosjekt og marknad
• Evne til å arbeide systematisk med effektivisering, planlegging, ressursutnytting og forbetring
• God økonomiforståing
• Erfaring med HMS- og kvalitetsarbeid
• Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å få folk med, skape tillit og engasjement
• Liker å drive innovasjon og utvikle prosessar ved bruk av digitale verktøy
• Høgare utdanning innan bygg- eller ingeniørfag er ein fordel
Personlege eigenskapar og motivasjon kan vege opp for manglande formell utdanning eller erfaring -- vi oppmodar deg til å søkje stillinga.
Kvifor Førde Sementvare AS?
• Ei sentral og operativ leiarrolle i eit konsern med tydelege vekstambisjonar
• Leiarstilling i eitt av Sunnfjord sine største privateigde selskap
• Stor påverknad på vidare utvikling av drift, struktur, innovasjon og arbeidsmåtar
• sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
• Konkurransedyktige vilkår og gode utviklingsmoglegheiter
Stillinga rapporterer til dagleg leiar i verksemda.
Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / jon.gjerde@visere.no . Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.
Vi ser fram til å høyre frå deg snarast eller innan 15.02. Gå inn på visere.no og legg inn søknad og CV.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Industri og produksjon
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
F
Førde Sementvare AS
Andre stillinger innen samme område
Førde Hotel Drift As
Førde, Vestland
Heltid
Framtidsfylket AS
Førde, Vestland
Heltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Førde, Vestland
Heltid