Bruforvaltar
NAVINV - Vedlikehald bru og kai, Vestland fylkeskommune
📍 Bergen, Vestland
📂 Ikke oppgitt
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Har du lyst å jobba med bruer i Vestland og har kunnskap innan fagområdet bru? Då ynskjer vi at du sender ein søknad!Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Seksjon Vedlikehald bru og kai har ansvar for alle bruer, kaiar og berande konstruksjonar i heile Vestland fylke. Vi har tilsette fordelt på kontor i Bergen, på Leikanger, i Førde og på Voss.
Til seksjon Vedlikehald bru og kai er vi på jakt etter ein bruforvaltar med arbeidsstad Leikanger eller Bergen. Stillinga er fast.
Arbeidsoppgåver
Som bruforvaltar vil du få ansvar for å følge opp alle bruer, kaiar og andre berande konstruksjonar. Du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, byggeleiarar og kontrollingeniørar.
Ansvarsområder vil blant anna vere:
• Halde oversikt over alle konstruksjonar og deira tilstand.
• Sørge for at det vert gjennomført hovudinspeksjonar og enkeltinspeksjonar på alle konstruksjonar.
• Sikre at det vert gjennomført spesialinspeksjonar på konstruksjonar som har behov for spesiell oppfølging.
• Ha tett dialog med Statens vegvesen i forhold til inspeksjon og bereevnekontroll av konstruksjonar.
• Bestille oppdrag for spesialinspeksjon og prosjektering av tiltak på konstruksjonar.
• Ha kontakt med andre faggrupper, offentlege etatar, linjeeigarar, grunneigarar og andre som vert rørte av arbeid som vert utført på og rundt konstruksjonar.
• Bistå i reguleringsplanar og byggeplanar/detaljplanar.
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning. Minimum 3 år med relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule og erfaring frå arbeid med bruer.
Det er ynskjelg at du har erfaring frå prosjektering av bruer.
Erfaring innan forvaltning av konstruksjonar vil bli vektlagt.
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.
Personlege eigenskapar
Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag.
Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi tilbyr
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling.
I tillegg får du mellom anna:
• gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
• løn etter avtale
• tilgang på tenestebil.
Kontaktinformasjon
Jorunn Hillestad Sekse, leiar, 97425209
Arbeidsstad
Askedalen 2
5863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5073982574
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
I
INV - Vedlikehald bru og kai, Vestland fylkeskommune
Andre stillinger innen samme område
Dely AS Peppes Landås
Bergen, Vestland
Heltid
Frem Media AS
Bergen, Vestland
Heltid