Fastlegeheimel ved Ørsta helsesenter
NAVHelse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune
📍 Ørsta, Møre og Romsdal
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 2 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Ein av fastlegane våre skal gå av med pensjon til sommaren og det er difor ledig fastlegeheimel ved Ørsta helsesenter. Heimelen har per i dag eit listetak på 750, men dette kan aukast om ønskeleg.
Heimelen er ledig frå 01.07.2026.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 - Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene.
Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga.
Dersom du er ALIS-lege, kan du få høve til å vere fastlønna i inntil to år før du går over på næringsdrift.
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Arbeidsoppgåver
Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.
Dette inkluderer
• deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta
• ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §32
Kvalifikasjonar
Du må
• oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten
• uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
• ha førarkort klasse B
• legge fram politiattest av nyare dato før oppstart
Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein lege som
• er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen
• samarbeider godt både internt og eksternt
• ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret
• er opptatt av å skape gode pasientmøte
• ser verdien av tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
• nye og trivelige lokalitetar
• ALIS-avtale for deg som ikkje er spesialist i allmennmedisin
• godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt
• ei god blanding av erfarne og nye fastlegar
• ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt
• god avtale som næringsdrivande lege
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Tenesteleiar, 916 21 147, runa.bakke@orsta.kommune.no
Hege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta helsesenter, hegeaxe@hotmail.com
Arbeidsstad
Dalevegen 28A
6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5067674371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 25.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Ørsta, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
H
Helse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune
Andre stillinger innen samme område
Omsorg og sjukeheim, Korttidsavdelinga
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Avarn Security Aviation AS
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
R&M Ship Interior AS
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid