Lærarstillingar (vikariat)
NAVTveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Lærarstillingar (vikariat)
NAVTveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Stillingsbeskrivelse
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledig lærarstillingar (vikariat) i ulike fag opp til totalt 200% for skuleåret 2026-2027.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane sine faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
Som lærar må ein i stor grad samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
Jobben inneber om å samarbeide tett med lag-leiar og leiinga for skulen, og eksterne samarbeidspartnarar til det beste for eleven.
Ved nokre av stillingane vil ein få rolle og ansvar som kontaktlærar og ha ansvar for ei klasse heile skuleåret.
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette:
Det er krav om lærarutdanning, med kompetanse innan dei ulike fagretningane.
Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) er og mogleg.
Det er ønskeleg med erfaring innan dei ulike fagretningane.
Som kontaktlærar er det ønskjeleg med erfaring.
Det er ønskeleg med utdanning innan spesialpedagogikk.
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
Skulane arbeidar aktivt med IKT, der elevar og tilsette har kvart sitt læringsbrett. Interesse og kunnskap om IKT og digital utvikling er difor viktig.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482
Arbeidsstad
Solås 2
3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5075437371
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Ikke oppgitt
- Sted
- Treungen, Telemark
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Andre stillinger innen samme område
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Avdeling for heimebaserte tenester, Nissedal kommune
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune