Byggeleiar vegprosjekt
NAVSamferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Byggeleiar vegprosjekt
NAVSamferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingsbeskrivelse
Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter byggeleiar innanfor veg. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne prosjekt med ulik størrelse og kompleksitet
- Følge opp prosjekta gjennom alle fasar frå planlegging, prosjektering og anskaffing til gjennomføring og
overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekta innafor definerte mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga. Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag. Teknisk fagskole med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til grunnarbeider/anleggsprosjekt
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med, og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta.
- Sjå behov og ta ansvar. Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtaleKontaktinformasjon
Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Solgunn Langlo, Prosjektleiar veginvestering , 47898683, solgunn.langlo@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5074807239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Medvind Assistanse
Caverion Norge AS avdeling Kristiansund
Synsam Group Norge
Kristiansund kommune Bo og habilitering