Assisterande seksjonsleiar
NAVKirurgisk serviceklinikk/ KSK hovud-hals, Helse Bergen HF
📍 Bergen, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der samarbeid, presisjon og pasienttryggleik står i sentrum?
Hovud-hals seksjonen er ein av tre seksjonar ved sentraloperasjonseininga ved Haukeland universitetsjukehus, og er en del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) som er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og traumemedisin på Haukeland universitetsjukehus.
Sentraloperasjonseininga, som Hovud/hals seksjonen er ein del av, er ein av landets største og mest komplekse operasjonseiningar. Ved Hovud/hals seksjonen behandlar vi eit breitt spekter av planlagde og akutte inngrep innan nevrokirurgi, øyre-nase-hals og kjevekirurgi. Våre operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar inngår også i traumeteamet ved mottak av traumepasientar til sjukehuset.
Det er knytt 45,5 årsverk som spesialsjukepleiar til seksjonen. Vi har høg aktivitet, tverrfagleg samarbeid på sitt beste i eit miljø som heiar på kvarandre og gjer kvarandre gode.
Vi har no ledig stilling som assisterande seksjonsleiar, dagtidsarbeid (37,5 t/u) med moglegheit for noko klinisk arbeid. Er du nysgjerrig på ledelse og vil utforske arbeidsoppgåver knytt til å sikre god operasjonsdrift og ressursstyring i et arbeidsmiljø som skaper tryggleik og utvikling til det beste for operasjonspasienten? Då håper vi å ha vekt interessa di for å søke på assisterande seksjonsleiarstilling hos oss.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med seksjonsleiar
* koordinere dagleg operasjonsdrift (ansvar 2-3 dagar i veka)
Bemanning og turnus:
* Planlegge og justere turnus, handtere ledige vakter, fråvær og inndekking slik at drifta blir oppretthalde
Kvalitet og pasienttryggleik:
* følge opp Synergi-meldingar i samarbeid med seksjonsleiar og synergiteam, iverksette/forankre forbetringstiltak
Fag og kompetanse:
* vere ein støtteressurs for fagsjukepleiar der det er naturleg ift. kompetanseplanar, studentar og studentkontaktar som sikrer gode læringsløp
* ansvar for planlegging og gjennomføring av fagdagar saman med seksjonsleiar og fagsjukepleiarar
* lage introduksjon og oppstart for nytilsette
Prosjekt og forbetring:
* vere framoversynt
* vere pådrivar til å koordinere forbetringsprosjekt knytt til drift, flyt og pasienttryggleik
Stedfortreder:
* fungere som stedfortredar for seksjonsleiar ved fråvær
Seksjonsleiar har overordna ansvar for drift-, personal- og budsjett.
Kvalifikasjonar
Må-krav: • Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som operasjonssjukepleiar eller anestesisjukepleiar
• Relevant erfaring frå operasjonsavdeling/operasjonslogistikk og tverrfagleg samarbeid
• Forståing for akuttlogistikk (ØH), pasientforløp og prioriteringsvurderingar
• Erfaring med bemanning/turnusplanlegging og praktisk inndekking
• God systemforståing; gjerne erfaring med GAT og avvikssystem (t.d. Synergi)
• Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Ønska kvalifikasjonar: • Kunnskap om drifta på operasjonsstover
• Erfaring med kompetanseportalen og rettleiing av studentar/nytilsette
• Erfaring frå forbetringsarbeid, kapasitets- og programstyring
Personlege eigenskapar
• Du er ryddig og strukturert; ser heilskapen og neste steg
• Du er Løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Du er positiv og imøtekommande; motiverer, viser respekt og er open for innspel
• Du er god på relasjonsbygging og se mennesker
• Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
• Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
• Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
• Ei nøkkelrolle tett på drift der du gjer ein konkret skilnad for pasientar og kollegaer
• Sterkt fagmiljø, korte beslutningsvegar og gode moglegheiter til å påverke arbeidsflyt og forbetringsarbeid
• Systematisk opplæring og støtte frå seksjonsleiar og fagsjukepleiar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5070902601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
K
Kirurgisk serviceklinikk/ KSK hovud-hals, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Dely AS Peppes Landås
Bergen, Vestland
Heltid
Frem Media AS
Bergen, Vestland
Heltid