Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
NAVVidere- og etterutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
📍 Ålesund, Møre og Romsdal
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar – ta steget mot framtidas helsevesen!
Helse Møre og Romsdal har eit behov for spesialsjukepleiarar, og no lyser vi ut utdanningsstillingar. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbod i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i moderne spesialavdelingar saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkande helsevesen.
Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb!
Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss – din kompetanse gjer ein forskjell!
Vi tilbyr utdanningsstillingar for vidareutdanning (90 studiepoeng) i:
• Anestesisjukepleie (Ålesund sjukehus)
• Intensivsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)
• Operasjonsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)
• Akuttsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)
• Barnesjukepleie (Ålesund sjukehus)
For deg som søker anestesi, intensiv, operasjon, eller barn, og skal studere ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel vidareutdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig (utan mastergrad) i januar-februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO.
For Akuttsjukepleie har vi avtale med OsloMet om at ein kan ta praksisstudiane i Helse Møre og Romsdal.
Vi tilbyr Utdanningsstilling (120 studiepoeng) i:
• Master i jordmorfag (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)
Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tenestebevis (datert 2026) og referansar innan 15. april 2026. Ansvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling.
Primært gjeld tilbodet om alle utdanningsstillingane for sjukepleiarar som ikkje allereie er spesialsjukepleiarar.
Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut frå gjeldande retningsliner. Hugs å søke om opptak på aktuell studiestad innan gjeldande frist, og søk om tidleg opptak der mogleg.
Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke.
Vi håper å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
• Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og i praksisstudiar
• Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
• Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehusa i føretaket, som hovudregel i tredelt turnus
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie
• Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel.
Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold.
Personlege eigenskapar
• Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiefaget og helsetenesta
• Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner
• Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysningar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal
Personleg eignaheit blir vektlagd.
Vi tilbyr
• Utdanningsstillingane innan anestesi, intensiv, operasjon, barn og akuttsjukepleie har tilbod om 90% løn i 1,5 år av studietida (90 studiepoeng), det er 2 års bindingstid i 100% stilling, i tredelt turnus, etter avslutta vidareutdanning
• For master i jordmorfag er utdanninga 2 år (fire semester, 120 studiepoeng), og vi tilbyr 90% løn og 3 års bindingstid i 100% stilling i tredelt turnus
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
• Etter fullført utdanning tilbys du tilsettingsforhold i HMR
Hugs å sende søknad til aktuell utdanningsinstitusjon innan studiestadens søknadsfrist.
Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass.
Avdelingane som har behov for spesialsjukepleiarar i utdanningsstilling tek gjerne imot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med aktuell seksjonsleiar for avtale.
Søknadsfristen for alle utdanningsstillingane i Helse Møre og Romsdal er 15.04.26.
Kontaktinformasjon
Kjetil Skjærset, Intensiv SNR, kjetil.skjaerset@helse-mr.no
Camilla Gagnat Tornes, Operasjon SNR, Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.no
Ingeborg Hjertvik, Føde og barsel SNR, ingeborg.hjertvik@helse-mr.no
Bjørg Indbjør, Akuttmottak SNR, Bjorg.Indbjor@helse-mr.no
Arild Hevrøy, Anestesi Ålesund, arild.solbakken.hevroy@helse-mr.no
Kristin Merete Haram, Operasjon Ålesund, Kristin.Merete.Haram@helse-mr.no
Marit Vatsaas Vinje, Intensiv Ålesund, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Marianne Høgsberg Bakken Omvik, Føde Ålesund, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Kristin Vestnes Sunde, Akuttmottak Ålesund, Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no
Ann-Iren Vartdal, Nyfødt intensiv Ålesund, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Hedvig Tone Høydalsvik, Akuttmottak Volda, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5067512913
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Søknadsfrist: 15.04.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
V
Videre- og etterutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Medvind Assistanse
Ålesund, Møre og Romsdal
Heltid