Har du erfaring med rekneskap og kan tenkje deg å kombinere kunnskapen med rådgjeving?
NAVSpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Har du erfaring med rekneskap og kan tenkje deg å kombinere kunnskapen med rådgjeving?
NAVSpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Stillingsbeskrivelse
Vi leitar etter nye rådgjevarar til kontora våre på Søre Sunnmøre
SpareBank 1 Rekneskapshuset SMN søkjer etter nye kollegaer som har erfaring med rekneskap/revisjon og ønskjer å vere ein del av eit spanande arbeidsmiljø der rådgjeving står i sentrum.
Ja, du vil jobbe med nokre rekneskapsoppgåver som bokføring, avstemming og årsoppgjer, men stadig større delar av dette arbeidet tek gode datasystem seg av. Dette gjer at rolla som rekneskapsrådgjevar inneheld så mykje meir.
Her vil du jobbe i kryssinga mellom teknologi og tradisjon.
Du vil jobbe som ein sparringspartnar for kundane og vere den dei spør om råd når det gjeld framtidige investeringar, generasjonsskifte, digital utvikling og mykje meir. Vi forventar ikkje at du kjenner til alle desse fagområda, og det treng du heller ikkje; vi er så heldige at vi har ei rekkje spesialistar i konsernet som kan bidra til å løyse utfordringane kunden står overfor. Dei spelar vi på lag med for å finne skreddarsydde svar for kvar enkelt kunde. Det synes vi som jobbar her er inspirerande og lærerikt, samstundes som vi kan finne dei beste løysingane ilag.
Kundemassen vår består av store og små verksemder der vi rettleier og opptrer som ein viktig støttespelar. Ditt ansvar som rekneskapsrådgjevar vil vere å ta hand om økonomien til verksemda, slik at dei kan fokusere på drifta si.
Arbeidskvardagen din vil bestå av teambasert og sjølvstendig rekneskapsarbeid, digitalisering og effektiv arbeidsmetodikk i skybaserte system, kundemøte, kundebesøk og proaktiv rekneskapsrådgjeving frå A til Å. Du må ha evna til å byggje relasjonar basert på tillit, og like å prate med folk som står i ulike utfordringar.
I rolla som senior rekneskapsrådgjevar ser vi etter deg som har ein bachelorgrad i økonomi, er statsautorisert rekneskapsførar eller på god veg til å bli det. Du må ha god rekneskapsfagleg forståing og bruke kompetansen din aktivt ut mot kundane. Vi jobbar teambasert, så gode relasjonelle ferdigheiter og god kommunikasjon er viktige kompetansar i rolla.
I SpareBank 1 SMN er vi opptekne av samarbeid og det å skape synergi på tvers. Du vil bli del av eit solid kompetansemiljø med store moglegheiter for personleg utvikling og gode karrieremoglegheiter. På Søre Sunnmøre har vi kontor i Ørsta og Volda, Hareid, Ulsteinvik og Fosnavåg, og i samarbeid med deg vil vi finne gode løysingar for kva som vert din faste arbeidsstad.
Det er mange gode grunnar til å jobbe hos oss. Her har du nokre:
• Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling.
• Akademiet vårt. Ein intern og konsernfelles utviklingsarena som bidreg til læring og framtidige karrieremoglegheiter.
• Vi er ein del av eit stort konsern med fokus på intern rekruttering, så her kan du få sjansen til å prøve deg i fleire roller.
• Gode vilkår på lån, forsikring og pensjon.
• Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement, aktivitetar og bedriftsidrettslag.
• Ein arbeidsgivar som er eigd av lokalsamfunnet og som er oppteken av å gi tilbake.
Høyrest dette interessant ut? Då oppmodar vi deg til å søkje, også om du ikkje fyller alle krava.
Du treng ikkje skrive søknadsbrev. Du svarar på nokre spørsmål i søknadsportalen og lastar opp CV/vitnemål og eventuelle andre relevante dokument.
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Andre stillinger innen samme område
REMA 1000 ØVRE ROTSET
Plantasjen
Seksjon for eigedomsdrift Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Gynekologiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF