Kyrkjelydspedagog
NAVØygarden kyrkjelege fellesråd
📍 Ågotnes, Vestland
📂 Kultur og kreative yrker
📅 Publisert 3 uker siden
Kyrkjelydspedagog
NAVØygarden kyrkjelege fellesråd
📍 Ågotnes, Vestland
📂 Kultur og kreative yrker
📅 Publisert 3 uker siden
Stillingsbeskrivelse
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ein kyrkjelydspedagog i 80% stilling. Saman med gode medarbeidarar vil du jobbe for dele tru, håp og kjærleik til barn, ungdom og familiar i Øygarden. Stillinga er primært knytt til Landro sokn.
Ønskjer du å dele bibelforteljingane, trua og dei gode tradisjonane i kyrkja til barn og unge i Øygarden? Vere med å ruste barn og unge til å møte verda ved å bli kjent med og få kunnskap om Jesus? Då er du personen vi søkjer.
Kyrkjelyden sin visjon er:
«Nær Gud, nær menneske.» I alt vårt arbeid og i alle våre møter med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takksemd, det å vere tenande og frimodige er sentrale verdiar i arbeidsfellesskapet vårt.
I sokneteamet i Landro vil du saman med andre medarbeidarar utgjere den lokale staben.
Du vil også vere ein del av ein fagseksjon «Seksjon for barn og unge», der alle pedagogar og ungdomsarbeidarar i heile fellesrådet tek del.
Arbeidsoppgåver
• Leie trusopplæringa i Landro sokn. Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering
• Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for gjennomføring av trusopplæringsprogrammet, T-dagen, i soknet, i tett samarbeid med kyrkjelydspedagogane i Foldnes og Fjell. T-dagen har barn og unge 0-18 år som målgruppe
• Samarbeide med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar for at barn, unge og familiar skal finne ein fellesskap i kyrkja
• Representere barn, unge og familiar inn i det tverrfaglege arbeidet i sokneteamet i Landro sokn, og jobbe saman med ulike medarbeidarar for å styrkje gudstenestefellesskap og kyrkjelydsbygging lokalt
• Planlegging, gjennomføring og evaluering av kyrkja sitt samarbeid med barnehage og skule i soknet, saman med sokneprest, sokneteamleiar, diakon og organist
• Saman med sokneprest og kyrkjelydsarbeidar, planlegge, gjennomføre og utvikle konfirmantåret i soknet, kyrkjelydspedagogen er hovudadministrator for konfirmantåret
• Ha ansvar for rekruttering og ivaretaking av frivillige i samband med tiltak for barn og unge i Landro sokn
• Saman med soknerådet, arbeide for å holde oppe sundagsskuletilbodet i soknet
Kvalifikasjonar
• Pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå
• Erfaring frå arbeid med barn og unge i kyrkja er ønskjeleg
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk
• Førarkort klasse B
• Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
• Gode samarbeidsevner
• Gode kommunikasjons- og undervisningsevner
• Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og langsiktig
• Evne til å byggje gode relasjonar
• Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for barn og unge
Vi tilbyr
• Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
• Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige
• Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
• Løn etter KA sine tariffavtalar
Anna
• Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast
• Ein vert tilsett i Øygarden kyrkjelege fellesrådsområde og vil også kunne få oppgåver i andre sokn innanfor området
• Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20
• Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette utfyller kvarandre
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Kontaktinformasjon
Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 415 07 011
Mathilde Dale Løvfall, Personalleiar, 902 72 703
Arbeidssted
Landrodalen 5
5363 Ågotnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5022207245
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kultur og kreative yrker
- Sted
- Ågotnes, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
�
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Andre stillinger innen samme område
Oceaneering Asset Integrity AS
Ågotnes, Vestland
Heltid