Reinhaldar/Reinhaldsoperatør
NAVOperasjon SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Reinhaldar/Reinhaldsoperatør
NAVOperasjon SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
I den samanheng søkjer vi etter ein engasjert medarbeidar som vil vere med i teamet vårt.
Operasjon SNR er ein eigen seksjon ved sjukehuset. Seksjonen er "hjartet" i den kirurgiske verksemda. Vi tek hand om pasientar umiddelbart før, under og etter operasjon. Hit kjem pasientar med ulike sjukdomar og skadar som krev operative/kirurgiske inngrep.
Målet for kvardagen vår er å yte omsorg og vere fagleg sterk. Vi arbeidar aktivt for å ha eit fagleg dyktig og oppdatert personale. I tillegg ønskjer vi å vere ein synleg og moderne seksjon som arbeidar i samsvar med lover og reglar som gjeld for helsevesenet i Noreg. Vi er opptatt av å vere der for pasienten, og at dei får full merksemd under opphaldet i seksjonen. Vårt mål er at pasienten skal ha eit trygt opphald og oppnå best mogleg resultat av operasjonen.
Operasjon SNR Hjelset er ein aktiv seksjon der fleire yrkesgrupper arbeidar tett saman i det daglege, til det beste for pasientane våre. Vi er ein stor og spennande seksjon med 10 operasjonsstover i døgnkontinuerleg drift.
Reinhaldsgruppa i seksjonen tel rundt 12 personar, og ein stor del av gruppa arbeider i tre-delt turnus. Stillinga følger dei til ei kvar tid gjeldande arbeidstidsordningane.Høyrest dette spennande ut for deg? Då er det kanskje nettopp deg vi er på jakt etter! Hvis du er den rette for oss, kan vi tilby full opplæring og ein variert jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Ved intern rokkering kan det bli ledig vikariat.
Vi ser fram til å bli betre kjent med deg!Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
• Dagleg reinhald
• Klargjering av operasjonsstover og operasjonsbord, inkludert alt utstyr
• Reinhald og vedlikehald av anestesiutstyr
• Vask av mopp og klutar
• Vedlikehald av golv og hovudreinhald
• Handtering av lager og påfyll i skap
• I tillegg har vi mange hjelpe- og serviceoppgåver som er pasientrelaterte, der vi jobbar tverrfagleg
• Avfallshandtering
Kvalifikasjonar
• Vi søkjer fortrinnsvis ein reinhaldar med relevant erfaring eller fagbrev
• Søkjar må kunne beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg, då ein arbeider tett i tverrfaglege team og i mange akutte situasjonar der klar og tydeleg kommunikasjon er viktig
Personlege eigenskapar
• Vi søkjer deg som trivst med travle dagar
• Du har mykje entusiasme og pågangsmot
• Du er ein positiv medarbeidar med gode evner til å arbeide både sjølvstendig og i team
• Du er systematisk og strukturert
• Vi søkjer deg som har evne til å skape og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
• Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Camilla Gagnat Tornes, Seksjonsleiar, +47 93647513, Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 2
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5020123787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Operasjon SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Sengepost medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Randstad Care AS
Sengepost nevrologi og ortogeriatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukehusapoteket i Molde, Sykehusapotekene i Midt-Norge HF
Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF