Ringevikar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra
NAVGulen kommune
📍 Dalsøyra, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 4 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Ringevikar
Ynskjer du å vere ringevikar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD)?Sone BBD har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i eininga. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktperson i annonsen.
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane, i avdeling og på tvers av avdelingane innan eininga.
Arbeidsoppgåver
• Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
• Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
• Samhandle/kommunisere med pårørande
• Samhandle tverrfagleg med; lege, fysioterapeut, ergoterapeut og liknande
• Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Me ynskjer også søkjarar utan fagbrev eller høgare utdanning
• Førarkort klasse B
• Gyldig politiattest
• God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
• Kommuniserer godt på norsk
• Har gjerne erfaring frå og kjennskap til norsk helsevesen
• Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
• Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og er løysingsorientert
• Har ei positiv haldning og bidrar til å skape trivsel på arbeidsplassen
• Å vere personleg eigna vert vektlagt
Anna
• Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
• Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
• For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
• Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
• Løn etter tariff

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Dalsøyra, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
G
Gulen kommune
Andre stillinger innen samme område
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Dalsøyra, Vestland
Heltid
TESS Vest as
Dalsøyra, Vestland
Heltid
Om Wergeland
Dalsøyra, Vestland
Heltid