Psykolog/ psykologspesialist
NAVPoliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Psykolog/ psykologspesialist
NAVPoliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meinar vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer difor at dette mangfaldet skal speglast blant søkjarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søkje, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.
Seksjonen vår har no ledig fast stilling som psykolog/ psykologspesialist. Vi er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, samt ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som psykolog ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med bl.a. psykologspesialist, overlege, pedagog og sjukepleiar.
Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.
Poliklinikken vår har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Vi strekk oss langt for at psykologar skal få best mogelege faglege utviklingsbetingingar. Vi legg også, om ønskeleg, til rette for at du kan ta heile spesialiseringsløpet utan forsinking i helseforetaket vårt.
Arbeidsoppgåver
• Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
• Pårørande- og familiesamtalar
• Psykoedukasjon
• Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
• Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
• Samhandling med kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiing
• Ambulant behandling der det er føremålstenleg
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologspesialist
• Psykolog med lisens kan også søkje
• Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
• Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, eller med barn og ungdom, er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
• Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
• Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
• Du arbeidar strukturert og målretta
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5074885959
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 15.03.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Frydenbø Bil Kristiansund AS
Certex Norge AS
Møre og Romsdal Politidistrikt