Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
NAVKristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk
NAVKristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingsbeskrivelse
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget.
Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, med gode høve for fagleg utvikling. Stillinga kombinerast med klinisk verksemd.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi.
Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som tannlege.
• Klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging.
• God forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit.
• Ønskeleg med relevant leiarerfaring.
• God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
• Digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar.
Personlege eigenskapar
• Du er ein løysingsorientert teambyggar med evne til å leie, motivere og bygge tillit.
• Du er resultatorientert, strukturert og med evne til strategisk og langsiktig tenking.
• Du har endringsvilje, er utviklingsorientert og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
• Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing.
• Lønn etter avtale.
• Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse.
• Trivelege medarbeidarar.
• Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 12
6509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5096799951
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kristiansund Og Nordmøre Turistfo
Medvind Assistanse