Tannlege ved klinikkane i Kristiansund og på Averøy
NAVTannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Tannlege ved klinikkane i Kristiansund og på Averøy
NAVTannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingsbeskrivelse
Kristiansund kompetanseklinikk opna dørene hausten 2024 og er i dag ein av dei største offentlege tannklinikkane i fylket. Her møter du moderne og topp utstyrte behandlingsrom på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har 7 behandlarteam, eigen spesialist i oral kirurgi og totalt 20 dedikerte medarbeidarar.
Distriktstannklinikken på Averøy i kommunesenteret Bruhagen er ein mindre og oversiktleg klinikk med to behandlarteam og 6 tilsette. Klinikkane ligg berre 15 km frå kvarandre – ein kort og effektiv køyretur på om lag 15 minutt.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling, varierte arbeidsdagar og eit inkluderande arbeidsmiljø der kompetanse, samarbeid og pasientomsorg står i sentrum.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som tannlege.
• God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
• Den som blir tilsett må levere politiattest.
• Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
• Trivst med å jobbe med og for menneske
• Jobbar effektivt og sjølvstendig
• God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
• Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Ein god jobb der du kan utvikle deg
• Lønn etter avtale
• Oppdatert og fin tannklinikk
• Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
• Trivelege medarbeidarar og godt miljø
• Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
• Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
• Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
• Etableringstilskot og dekning av flytteutgifter mot bindingstid
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 12
6509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5098914427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 uker siden
Om bedriften
Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kristiansund Og Nordmøre Turistfo
Medvind Assistanse