Ønsker du å jobbe med moderne database plattformer?
NAVSky, Helse Vest IKT
📍 Førde, Vestland
📂 IT
📅 Publisert 3 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Sjukehussektoren er i sterk utvikling, og krava til moderne, robuste og trygge IKT‑løysingar aukar år for år. For at sjukehusa i regionen skal kunne levere trygge og effektive tenester til pasientane – både i dag og i framtida – spelar IKT-infrastrukturen ei avgjerande rolle.
Helse Vest IKT har ansvar for å levere stabile og sikre IKT-tenester til alle sjukehusa i regionen. Med rundt 1500 system, 4000 databasar og over 30 000 sluttbrukarar er vi eit av dei største og mest komplekse IKT‑miljøa på Vestlandet.
I divisjon Plattformtenester arbeider vi med moderne databaseplattformer og leverer tenester som er avgjerande for nokre av dei mest kritiske systema i helseføretaka. No søkjer vi fleire dyktige kollegaer som vil vere med å utvikle, drifte og vidareutvikle desse løysingane. Har du erfaring med teknologiar som Oracle, MS SQL Server, MariaDB, PostgreSQL eller MongoDB, kan du vere den vi ser etter. Hos oss får du jobbe med spanande teknologi i eit fagleg sterkt miljø som verdset samarbeid, kvalitet og deling av kunnskap.
Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Kva skal du jobbe med hos oss?
• Utvikle moderne sjølvbeteningsløysingar og automatiserte tenester som styrkjer effektiviteten i organisasjonen.
• Sikre stabil, trygg og effektiv drift av våre databaseplattformar.
• Bidra med fagleg rådgjeving innanfor databaser og relaterte tenesteområder.
• Jobbe proaktivt med endringshandtering og kontinuerleg vedlikehald for å vere i forkant av behov og utfordringar.
• Følgje opp og styrke IKT-sikkerheit, slik at data og tenester alltid er trygge.
Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
• Erfaring med drift og utvikling av database plattformtenester
• Erfaring frå større driftsmiljlø (ikkje et krav, men ein fordel)
• Erfaring med automatisering og scripting
• God forståing for datatryggleik.
• Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
• Snakkar og skriv flytande norsk.
Personlege eigenskapar
Eigenskapar vi set pris på hos deg:
• Du er nysgjerrig på ny teknologi og liker å dele kunnskap med kollegaene dine.
• Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydelig
• Du har sans for struktur og kvalitet i arbeidet
• Du tek initiativ der du ser det er behov, kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
• Du kan levere under press og trivst med nye utfordringar.
• Du er ein positiv bidragsytar i teamet, med godt humør og glimt i auget.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit viktig samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
• Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
• Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
• Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
• Fleksible arbeidsordningar med fleksitid, moglegheit for heimekontor og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
• Løn etter avtale.
• Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
• Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Jakobsen, Seksjonsleder, +47 93457738
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5091032217
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.04.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- IT
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
S
Sky, Helse Vest IKT
Andre stillinger innen samme område
Dedicare AS
Førde, Vestland
Heltid
Kvinneklinikken sengepostar Førde, Helse Førde
Førde, Vestland
Heltid
Førde Metallprodukt As
Førde, Vestland
Heltid
Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde
Førde, Vestland
Heltid