Miljøkoordinator
NAVOPK-FO - Førde vgs, Vestland fylkeskommune
📍 Førde, Vestland
📂 Natur og miljø
📅 Publisert 3 uker siden

Stillingsbeskrivelse
Skulen har ledig fast stilling som miljøkoordinator frå 01.08.2026.
Miljøkoordinatorane sine arbeids- og ansvarsområde er førebyggande, kontaktskapande - og sosialpedagogisk arbeid i Førde vidaregåande skule. Arbeidet vert samordna og organisert gjennom elevtenesta og skuleleiinga.
Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skulen har topp moderne spesialrom, i tillegg til ny idrettshall og eit levande bibliotek. Vi har som mål å levere opplæring av høg kvalitet.
Skulen er geografisk tredelt, med skuledrift på Mo, i Høyanger og i Førde sentrum. Denne stillinga er primært knytt til Førde og Mo. Vi tilbyr utdanningsprogramma Bygg og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Media og kommunikasjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv, Studiespesialisering, Teknologi og industrifag. I tillegg har vi ansvar for undervisning ved sjukehuset, vaksenopplæring og ulike kurs.
Arbeidsoppgåver
Førebyggjande arbeid:
• ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen
• ha særleg søkelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk
• oppfølging av tiltak knytt til særskilte målgrupper som t.d. hybelbuarar, russ m.m.
• samarbeid med kommunale sosialpedagogiske tenester
• haldningsskapande arbeid knytt til sosiale media og nettvett
Kontaktskapande arbeid:
• skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen
• stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet
• stimulere til elevengasjement i opplæringa
• planlegge/arrangere/tilretteleggje for sosiale aktivitetar og møteplassar, i og utanfor ordinær skuletid som t.d. leksehjelp, open skule, internat m.m.
Sosialpedagogisk arbeid:
• hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen
• yte hjelp til elevar som har personlege vanskar og sosiale vanskar
• oppfølging i mobbesaker
• mekling mellom elevar i konflikt
• støtte lærarar i elevsaker og bidra i arbeidet med utvikling av klassemiljø
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng), med vekt på sosialpedagogiske fag som t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagogikk. Relevant erfaring vil bli tillagt vekt. God IKT kompetanse. Det kan utifrå søkjarmassen bli aktuelt å vurdere søkjarar som ikkje oppfyller dette kravet.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilte behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt.
Vi ønsker at du er:
• trygg, tydeleg og inkluderande
• er kreativ og initiativrik
• deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
• meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
• eit miljø som er oppteke av utvikling for ungdom
• eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
• løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
• gode moglegheiter for utvikling og læring i eit samskapande arbeidsmiljø
Stillinga følgjer eit ordinært arbeidsår pga. behov for tiltak etter skuletid og i feriar.
Vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Det vert teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.
Kontaktinformasjon
Mats Bryne, rektor, +47 90951737
Arbeidsstad
Naustdalsvegen 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5095193834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Natur og miljø
- Sted
- Førde, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
O
OPK-FO - Førde vgs, Vestland fylkeskommune
Andre stillinger innen samme område
Dedicare AS
Førde, Vestland
Heltid
Kvinneklinikken sengepostar Førde, Helse Førde
Førde, Vestland
Heltid
Førde Metallprodukt As
Førde, Vestland
Heltid
Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde
Førde, Vestland
Heltid