Fastlegeheimel ved Knarvik legekontor – med moglegheit for tilpassa arbeidsordning
NAVAlver kommune
📍 Isdalstø, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 4 dager siden

Stillingsbeskrivelse
Om Knarvik legekontor og fastlegelista
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 20 minutt). Køyretid med bil frå Bergen er omlag 30 minutt. Vi har parkering ved kontoret.
Vi søkjer no etter ein eller flere fastlegar som kan ta over ansvaret for ei pasientliste med 1800 pasientar. Om ønskjeleg kan lista tildelast 2 legar som kan arbeide 2 uker kvar, med 2 uker fri. Lista kan og delast om ønskjeleg. Ny lege / legar må kjøpe ut goodwill og evt. utstyr frå tidlegare heimelshavar, etter reglane i ASA4310.
Knarvik legekontor er eit kontorfelleskap med 5 fastlegeheimlar, organisert som DA (delt ansvar), og ein LIS 1 lege. Legane får utbetalt basistilskot etter § 8.1. Kommunen dekker kostnadane for LIS1-legen. Praksisen har tilsett faglig flinke og erfarne hjelpepersonell i 3,3 årsverk. Det er planer om å auke bemanninga. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eigen servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelige. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Legane har sjølv ansvar for hjelpepersonell, drift og utstyr. Legekontoret leiger lokale fråa kommunen. For meir informasjon om Knarvik legekontor kan dagleg leiar Kamil Daibes kontaktast på epost: rnine2003@hotmail.com.
Legen må inngå internavtale med dei andre legane ved kontoret. Husleigeavtale vert inngått direkte med kommunen.
For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering):
For legar under spesialistutdanning tilbyr vi ALIS-avtale i samsvar med det nasjonale regelverket. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Her kan du som er nyutdanne lese meir om ALIS-løpet. ALIS-tilskudd - Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Om offentleg allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minutts gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt som fast timeløn. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen.
Det er p.t. ikkje knytt offentleg arbeid allmennmedisinsk arbeid til heimelen. Dersom det vert aktuelt med offentlig allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310.
Alver kommune har vedteke plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her: Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024: Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin - Alver kommune
Arbeidsoppgåver
• Arbeid som fastlege i samsvar med gjeldande avtalar og lovverk.
• Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
• Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.
På bilete ser du tilsette på forkontoret til Knarvik legekontor
Kvalifikasjonskrav
• Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
• Fullført LIS 1 ved oppstart
• Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
• Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
• Spesialist i allmennmedisin eller gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
• Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Kven er du?
Vi søkjer etter lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgjeveransvar for tilsette på forkontoret.
Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.
Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Isdalstø, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 dager siden
Om bedriften
A
Alver kommune
Andre stillinger innen samme område
Alver kommune
Isdalstø, Vestland
Heltid
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Isdalstø, Vestland
Heltid
VEST MOTOR AS
Isdalstø, Vestland
Heltid