Vil du være med å forme gjesteopplevinga? Bli vår nye Rooms Division Manager!
NAVBrakanes Hotel by Fjordtind
Vil du være med å forme gjesteopplevinga? Bli vår nye Rooms Division Manager!
NAVBrakanes Hotel by Fjordtind
Stillingsbeskrivelse
Som Rooms Division Manager på Brakanes Hotel har du det overordna ansvaret for hotellet si romavdeling, som omfattar resepsjon, housekeeping og gjesteservice. Du vil vere ein nøkkelperson i å sikre høg kvalitet på gjesteopplevinga frå start til slutt, og vere tett på både drift og utvikling.
Du får ansvar for å byggje og følgje opp eit sesongbasert team, der skiftleiarane i avdelingen spelar ei viktig rolle i den daglege operasjonen. Du skal sørgje for at alle tilsette har god opplæring og utviklingsmoglegheiter, og vere ein trygg, tydeleg og tilgjengeleg leiar i kvardagen.
Stillingen rapporterer direkte til hotelldirektøren, og vil fungere som ein “nummer to” i leiinga ved hotellet.
Arbeidsoppgåver
• Leie og vidareutvikle resepsjon og housekeeping
• Rekruttere, bemanne og følgje opp eit sesongbasert team med skiftleiarar
• Personalansvar, inkludert opplæring, utvikling og medarbeidarsamtalar
• Planlegge, organisere og sikre optimal drift av romavdelinga
• Bidra til ei heilskapleg og genuin gjesteoppleving
• Utarbeide og følgje opp rutinar for innsjekk, utsjekk og gjestebehandling
• Budsjettering, kostnadskontroll og rapportering i respektive avdelingar
• Aktiv deltaking i HMS og kvalitetssikring
• Samarbeide tett med andre leiarar og bidra til eit sterkt teammiljø
• total ansvar for vaktlistene i respektive avdelingar, samt timestyring internt i forhold til kvalitet og budsjett.
Vi ser etter ein person som:
• Elskar utfordringar og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
• Er strukturert, effektiv og har stor gjennomføringsevne
• Har erfaring frå leiing i hotell- eller reiselivsbransjen. Stort pluss er utdanning innan same felt.
• Har sterk motivasjon for å utvikle både seg sjølv, andre og drifta generelt.
• Har god forståing for service, vertskap og kundeoppleving.
• er ein effektiv og sjølvstendig problem løyser.
• Trives med ansvar og ønskjer å spele ei viktig og inspirerande rolle i leiinga
• Kommuniserer godt på norsk og engelsk
• Har erfaring med hotellsystem og digitale verktøy Vi nytter Mews, PMI, mm.
Me tilbyr:
• Ei sentral leiarstilling med mykje ansvar og påverknad
• Ein spennande arbeidskvardag i vakre Hardanger
• Moglegheit til å utvikle både deg sjølv og avdelingane vidare
• Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med stor takhøyde
• Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
• Hjelp til å finne bustad ved behov
Er du klar for å ta steget inn i ei nøkkelrolle på Brakanes Hotel med verdas vakreste utsikt, rett frå fjordkanten innerst i Hardanger?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Reiseliv og mat
- Sted
- Ulvik, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 uker siden
Om bedriften
Brakanes Hotel by Fjordtind
Andre stillinger innen samme område
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
Randstad AS avd Bergen
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Havhesten FUS barnehage as
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF